Bergsøy fekk fart på beina

Det var lenge jamt då Bergsøy-damene tok imot Orkanger 2 laurdag, men ei sterk avslutning på andre omgang sørga for 28-20-siger for herøyværingane.
Nyhende

Det var ikkje mykje som tyda på at topp møtte botn i byrjinga på kampen mellom Bergsøy og Orkanger 2 laurdag. Laga følgde kvarandre tett, og i kampens fyrste ti minutt var det ingen som fekk leie med meir enn eit mål. Deretter opparbeida Bergsøy seg ei lita luke til gjestane frå Sør-Trøndelag, men då laga gjekk til pause hadde forspranget blitt redusert til eit mål, og 11–10 på tavla.