– Her har vi alt frå truser til verktøy, seier butikkansvarleg Lena Kjelsli Ihle.

Torsdag morgon er ho og salsansvarleg i Fosnavåg Notbøteri, Knut Erik Håheim, i full fres med å gjere det mellombelse lagerutsalet i Fosnavåg klart til opninga fredag.

– Det vart jobba mykje i går, og vi må nok stå på utover kvelden også i dag, om vi skal klare å bli ferdige til opninga, seier Ihle, før ho legg til at det skal dei bli.

Fosnavåg Notbøteri, som til vanleg har butikk i Nørvågen, tok i oktober eit val om å flytte butikken til sentrum no når julehandelen tek til. Der har dei leigd dei tidlegare Eurosko-lokala.

– Vi hadde eit ønske om å rydde litt opp i lageret, samtidig som vi såg fordelar med å kome nærare kundane, spesielt no som julehandelen tek til, seier Håheim og Ihle.

Opningstider som dei andre

Butikken opnar altso i dag, fredag, og skal i utgangspunktet halde ope fram til jul.

– Vi har ei leigeavtale ut januar, so sjølv om utgangspunktet er fram til jul, er ikkje det heilt spikra. Vi må sjå korleis det går, og korleis butikken blir motteken, seier Håheim.

Opningstidene til butikken vil vere tilpassa dei andre butikkane i Fosnavåg sentrum.

– Og so får vi sjå om vi legg oss på line med butikkane på Holmsild og Fosnavåg brygge, eller om vi held ope som dei andre butikkane i sentrum, seier Ihle.

Stort vareutsal

Butikken har altso alt frå truser til verktøy, men det blir kanskje satsa spesielt på redningsutstyr, samt arbeids- og fritidsklede. Butikken set også innbyggjarane si sikkerheit høgt.

– Vi er opptekne av brannsikkerheit, spesielt no i tida fram mot jul, som ofte er forbundet med fleire potensielle brannfarar, seier Håheim.

Elles er butikken organisert som lagerutsal flest, med eit variert vareutval og sterkt nedprisa varer.