I utgangspunktet var Sævik innstilt på ein 14.-plass, men etter å ha gått nokre runde med seg sjølv kom kan fram til at han ville høgre opp på lista.

– Eg er derfor takknemleg for at Ulstein-ordførar Knut Erik Engh var villig til å vike plassen sin til meg, seier Sævik til Vestlandsnytt.

Innanfor rekkevidde

Møre og Romsdal Frp står sterkt samanlikna med andre Frp fylkeslag. I 2015 gjorde Framstegspartiet eit dårleg val, og fekk berre seks representantar på fylkestinget. Likevel ser herøyværingen moglegheiter.

– Det er ikkje utenkeleg at Framstegspartiet kan få godt over 20 prosent neste år, og dermed er ikkje 10.-plass utanfor rekkevidd. Eg meiner vi har mykje å kjempe for på fylkesplan i Herøy. Akkurat no er det Nerlandsøybrua som hastar mest, og det vil avgjort vere ein fordel med representantar frå Herøy i dei store gruppene på fylkestinget. Herøy VGS vil bli ei viktig sak, og også Fosnavåg hamn, om ein ikkje finn ei løysing før fylket tek over ansvaret for hamna, avsluttar han.