Rekordstor påmelding til Nattcup!

I kveld går årets andre nattcup i fotball av stabelen på Herøy kulturhus.

Nattcup: Glimt frå førre nattcup, 2. februar i år. Arkivfoto: Bjørnar T. Sævik  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– I år har vi 18 påmelde lag. Før har vi hatt ei grense på 12, informerer Karoline Sivertsen. Ho er leiar for Fritidsklubben, som står bak det populære arrangementet.

Skal vi tru påmeldingslista, vil det dukke opp mange nye fjes på haustens nattcup.

– Der er mange ukjende namn – iallfall for meg. Eg veit ikkje kvar alle kjem frå. Det er kjekt at vi vert så mange, seier Sivertsen.

For alle ungdommar

Dei som ikkje spelar sjølve kan vere publikum eller halde på med andre aktivitetar i Fritidsklubben sine lokale.

– Vi har biljard, bordtennis, Fifa, chill-sone og brettspel, freistar Sivertsen.