Opprettheld vedtak om gjenreising av naust

Naust  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Maritim og teknisk komite har for andre gong sagt ja til gjenreising av eit naust på Bø. Fylkesmannen frårådde at naustet, som blei teke av stormen for nokre år sidan, kunne gjenreisast. Fylkesmannen klaga på det fyrste positive vedtaket, men komiteen tok ikkje omsyn til klagen då saka kom opp for andre gong. No går saka tilbake for endeleg avgjerd av settefylkesmann.