No brakar det snart laust på Larsnes!

Feel It på Larsnes rundt hjørnet!

Feel It: Trygve Sætre (t.v.) og André Leikanger ei tidlegare førestilling av Feel It. (Pressefoto)  Foto: Picasa

Nyhende

Feel It er inne i sin sjuande sesong, og det vert rapportert om veldig godt billettsal også i år.

9. og 10. november, og den påfylgjande helga, er det klart for nye dinnershow. Og så er det to liknande helgar i januar.

Over 6500 (!) gjestar har vore på Feel It på Larsnes sidan starten i 2012.

– Vi har som mål å presentere eit nytt dinnershowet kvart år, med nytt repertoar og ny meny. Feel It skal stå fram med stor breidde og tilby gjestane variasjon. Vi vil også vise at vi kan meistre ulike musikkstilar, heiter det ei pressemelding.

Kokkane, som har hausta like mykje applaus som artistane, har sett saman ein variert meny med mange spanande ingrediensar, der vi finn råvarer både frå hav og land.