"Livet vert ikkje alltid slik ein hadde tenkt"

Asle Giske måtte gje seg som rådmann etter å ha fått slag. Tysdag vart han takka av.

Takk: Ordførar Dag Vaagen (t.h.) overrekte eit flott bilde med utsyn mot Svinøya til Asle Giske. 

Nyhende

– Aller helst ville vi hatt deg her vidare. Din innsats som rådmann har vore formidabel, og du har gjort ein innsats langt utover det ein kunne forvente. Også etter at sjukdomen råka, sa ordførar Dag Vaagen på førre kommunestyremøte.