Leverer det sjette Havyard-designa skipet til Grupo CBO

Det brasilianske reiarlaget Grupo CBO har no fått det sjette og siste Havyard-designa, ankerhandteringsfartøyet overlevert.

Her ser vi det sjette ankerhandteringsfartøyet, CBO Terra Brasilis.  Foto: Havyard

Nyhende

Det har no blitt levert totalt seks Havyard 843 ankerhandteringsskip til det brasilianske reiarlaget. Etter signering av avtale for fire skip i 2014 og to i 2016, har dei seks skipa blitt levert til Grupo CBO frå eit brasiliansk verft i tur og orden. Kontraktane var eit resultat av ei ekstra satsing i den sør-amerikanske marknaden som Havyard starta i 2011. Dette er den største enkelt-ordren som har blitt inngått for Havyard Design & Solutions.

- Det har vote eit svært lærerikt og spennande samarbeid med Grupo CBO. Gjennom god kommunikasjon og gjensidig forståing, har vi saman med CBO kunne levere eit produkt som begge parter er svært godt fornøgde med, seier konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard Group ASA i ei pressemelding.

Marcelo Martins, direktør i Grupo CBO er samd med Bakke. Samarbeidet med Havyard har vore fruktbart for begge partar, seier han, og håpar at det vil resultere i nye prosjekt i framtida.

Skipa som er levert er spesielt tilpassa brasilianske forhold med auka breidde og større dekkskapasitet.