Kleven overleverte femte Maersk-båten

Denne veka leverte Kleven Verft den femte av seks AHT-båtar til Maersk.

Døypt: Gudmor Trine Munch Agerskov knuser champagneflaska mot skutesida, vitna av tilsette, verftsleiinga og utsendinga frå det danske reiarlaget. (Foto: Olav Thokle Fotomaritim)  Foto: Olav Tholke Fotomaritim

Nyhende

Mærsk Mobiliser vart levert frå Kleven 31. oktober. Dette er den femte av ein serie på seks ankerhandterarar til Maersk Supply Service A/S.

Båten er bygd for operasjon på store havdjup er den såkalla Starfish-serien utstyrte med ei rekkje nyvinningar, noko som har sikra alle søsterskipa jobb rett etter levering.

Mærsk Mobiliser er av typen Salt 200, og har eit ope dekksareal på meir enn 800 m2, med 102 m2 overbygd dekksareal i tillegg. Tilhøyrande er ein ankerhandteringsvinsj på 450 tonn. Denne er plassert i ei lukka garasje slik at mannskap og utstyr er verna mot dei røffe omgjevnadane fartøyet tidvis opererer i, opplyser Kleven Verft i ei pressemelding.

Mærsk Mobiliser har isklasse Ice 1A og er også førebudd for oljeoppsamling. Trekkrafta til fartøyet er målt til 260 tonn.

Mærsk Mobiliser vart døypt under ein enkel seremoni på kaia ved Kleven Verft, med Trine Munch Agerskov som gudmor.

– Fartøyet vil gå frå Kleven i løpet av veka for å mobilisere til sin fyrste jobb for ein stor kanadisk operatør som støtteskip for boring, samt å halde unna havis i det aktuelle området, opplyser Kleven Verft.

Det siste skipet i serien vil bli levert frå Kleven Verft i slutten av januar 2019.