– Te-dansen er ei kosestund, som gjer det ekstra hyggeleg for venner og familie å kome på besøk, seier dagleg leiar Britt Pausen ved Herøy frivilligsentral.

Opplegget er finansiert med midlar frå Den kulturelle spaserstokken.

Lokale musikarar

I månadane før jul får omsorgssentera besøk av artistar som Øyvind og Sølvi Berg, Øystein Eckhof, Stig Ulv, Trond Ihle, Nasko og Morten Bollerud.

I tillegg til å hygge seg med levande musikk, får bebuarar og besøkande nyte både kaffi og litt kaker desse laurdagsettermiddagane.