Like fullt er det overraskande. Eg vil tilføye «skuffande og øydeleggande». Overraskande er det mellom anna fordi hurtigrutekapteinar og andre med tilknyting til Hurtigruten tidlegare har kjempa FOR tunnelen. Det kan også vere på sin plass å minne om nestenforliset med ei hurtigrute utanfor Stad i 2003.

Sjølvsagt er Hurtigruten i sin fulle rett til å meine at dei ikkje treng tunnelen. Men: Tidspunktet er skadeleg for planane til Stad Skipstunnel, noko Hurtigruten sjølvsagt også er klar over. I 2016 gjekk Hurtigruten ut og sa dei har ei nøytral rolle i høve til tunnelen, fordi realiseringa er eit politisk spørsmål.

Når Hurtigruten hausten 2018, på eit utan tvil sårbart tidspunkt for prosjektet, seier dei ikkje vil bruke tunnelen, kan det vanskeleg tolkast annleis enn at Hurtigruten har ein agenda, eit ynskje om at tunnelen ikkje blir bygd. På den andre sida har Havila Kystruten, som også skal drive «hurtigruter» om få år, vore heilt tydelege på at tunnelen blir ein stor fordel, og må dimensjonerast for «hurtigrutestorleik».

At det nye kystruteselskapet først går ut og framsnakkar Stad skipstunnel, medan den det «gamle» selskapet Hurtigruten brått ikkje treng prosjektet, er oppsiktsvekkjande. Vi er mange som fryktar at ein elles sunn konkurranse mellom selskapa no råkar ein uskuldig tredjepart, eit prosjekt som – ærleg tala, Hurtigruten – verken hadde fortent eller trengt eit slikt skot for baugen.

Eller – kan det vere konkurransen frå ei eventuell ny snøggbåtrute frå Bergen til Trondheim ein fryktar?

Endre Vorren