Haugelia med ny avdeling

På siste møtet i Sande kommunestyre vart det orientert om fleire byggjesaker kommunen er involvert i.
Nyhende

Kjell Hauge frå teknisk etat innleia om utvidinga av Haugelia barnehage, som no er ferdig. Med Rise-Bygg som hovudentreprenør har kommunen vore gjennom ein byggjefase på sju månader. Resultatet er ei ny avdeling, og her er det plass til 18 born over tre år. Dessutan er det ei ny personalfløy i andre etasje. Haugelia hadde frå før ikkje eiga personalavdeling, noko det er krav om med ei slik utbygging.