8,5 millionar i manko

Nyhende

Sande kommune har framleis ei moglegheit til å gå i balanse når det gjeld rekneskapen for driftsåret 2018. Men det er store utfordringar knytt til budsjettarbeidet for 2019.

– Slik det ser ut no, manglar vi om lag 8,5 millionar kroner for at det skal gå ihop, varsla konstituert rådmann Oddbjørn Indregår på siste kommunestyremøtet. Einingane har fått rammene og vil venteleg presentere tøffe kostnadskutt – og fylgjer – i løpet av kort tid.