Pærebrann-arbeidet over for i år

– Vanskeleg å fjerne alt

For om lag éin månad sidan avslutta Mattilsynet årets arbeid med å fjerne pærebrann-råka hagebuskar i Herøy og Sande. Dei vart ikkje heilt ferdige.
Nyhende

– Vi klarer ikkje å få gjort meir i år. Folk får smørje seg med tolmod, så skal vi sjå om vi får tatt resten neste år. Det er avhengig av statlege løyvingar, men der er ei overvegande sannsynlegheit for at vi får det til, seier Nils Melbøe i Mattilsynet.