– Vi skulle gjerne sett at sesongen byrja litt før, slik at vi kan halde folk i arbeid over lengre periodar. Diverre ser vi ei utvikling mot at sesongane blir kortare og meir intense, seier dagleg leiar ved Fosnavaag Pelagic, Roar Aasen.

Men Aasen er rask med å poengtere at dei ikkje har noko å klage på.

– Vi kan ikkje klage på at det er slik. Vi skal vere nøgde med at vi i desse dagar har god produksjon. Naturen går sin gong, og den får vi ikkje gjort noko med, seier Aasen.

Den daglege leiaren presiserer at dei no er i rute med notfisket.

Makrellkvoten snart ferdigfiska

Sjølv om makrellfisket byrja litt trått i haust, har det vore godt med fangst i det siste. Sildelaget kan melde om at dei i førre veke fekk 29.800 tonn i journalen, medan det kom inn rundt 50.000 tonn per veke dei to vekene før der igjen. Det gode fisket gjer at makrellkvoten no snart er ferdigfiska, då 173.800 tonn av årets kvote på knappe 190.000 tonn allereie er fiska. For ringnot og trål er det lite att av kvotane, medan kyst framleis har litt å gå på, då spesielt dorgefiskarane.

– Ein overgangsperiode

Fosnavaag Pelagic opplever no ein overgangsperiode.

– Vi tek imot både makrell og NVG-sild akkurat no. I går (tysdag) var det to båtar inne med makrell, men det er også ein del sild no, seier Aasen.

Aasen meiner kvaliteten på fisken er bra.

– NVG-silda ser ut til å vere av den finaste kvaliteten i år, noko som sjølvsagt er positivt.

Når det gjeld NVG-silda kan Norges Sildesalgslag melde at førre veke var årets beste, då det blei fiska heile 35.000 tonn. Det er forventa like stor aktivitet også denne veka.

Håpar produksjonen held fram

Aasen håpar den hektiske aktiviteten skal halde fram ut året.

– Vi satsar på å halde trykket oppe gjennom november, og forhåpentlegvis også inn i desember. Det vil nok også bli litt nordsjøsild, avsluttar ein optimistisk Roar Aasen.

Fleire av båtane som er ferdige med årets makrellkvote er allereie i gong med nordsjøsilda, og sju båtar leverte totalt 2.900 tonn nordsjøsild til norske mottak førre veke.