Bergsøy Fotball har fått ny styreleiar

Lars Conradi Andersen tek over roret i Bergsøy Fotball, no som Geir Johan Bakke går av som styreleiar.

Tek over som styreleiar: Den nye styreleiaren seier det er ei ære å få ta over skuta etter Bakke. F.v. Lars Conradi Andersen og Geir Johan Bakke. Foto: Bergsøy Fotball  Foto: Bergsøy Fotball

Vi treng endå fleire jenter inn i fotballen

Lars Conradi Andersen
Nyhende

Under Bergsøy Fotball sitt årsmøte tidlegare denne veka takka Geir Johan Bakke av som styreleiar.

– Bakke har vore styreleiar i ti år, og i desse åra har klubben tatt store steg både på drift og anlegg-sida. Med Fiskarhallen på plass som det siste tilskotet, har ein eit komplett anlegg til glede for både små og store i klubben, og Bergsøy Fotball vil takke Geir Johan for hans flotte innsats i klubben, skriv Bergsøy i ei pressemelding.

– Spennande utfordring

Nyvalt styreleiar er Lars Conradi Andersen. For han er det ei ære å få denne oppgåva.

– Eg ser dette som ei spennande utfordring. Fyrst og fremst vil eg hylle Bakke for å ha gjort ein fantastisk jobb med å styre Bergsøy i ei fin retning. Det som står att etter han, er ein klubb i god fatning. Det blir naturleg for meg å føre vidare dei linjene som allereie er lagt i klubben. Det inneber å sørge for å sikre breidda i klubben og gi rom for å dyrke fram gode spelarar, seier Andersen i ein kommentar til Vestlandsnytt.

Han held fram med å fortelje at det ikkje er behov for store endringar i klubben slik som han ser det. Han trekk likevel fram jentefotballen som eit naturleg satsingspunkt han vil vere opptatt av.

– Det har vore satsa meir på jentefotballen i det siste, men vi må halde fram med å satse for vi treng endå fleire jenter inn i fotballen, seier Andersen.

Brei erfaring frå Bergsøy

Sjølv har Andersen mykje erfaring frå Bergsøy. Han har spelt i klubben i fleire år, vore leiar i sportsleg utval og har sete i marknadsutvalet. Sjølv er han også opptatt av at dette er eit lass han dreg med fleire andre.

– Klubben og apparatet rundt består av mange, flinke folk og det er heilt avgjerande at dette engasjementet kan halde fram, seier Andersen.

Med seg i styret har han Ronny Pål Kvalsvik som nestleiar, Cecilie Zahl, Torbjørn Hide, Håvard Remøy, Lasse Myrhol, Rune Frantsen og Lisa Mari Dragnes.