Krev omgåande stans i tapping av vatn

Etter fleire åtvaringar truar Stemmedalen vasslag med å melde ei lokal bedrift til politiet.

  Foto: Illsutrasjon: Josefine Spiro

Nyhende

Styret i Stemmedalen vasslag krev at eit lokalt selskap omgåande sluttar å tappe vatn frå vasslaget sitt distribusjonsnett, herunder brannhydrantar og kummar.

Tappinga blir gjort frå brannhydranten ved Myrvåg sjukeheim, noko selskapet hevdar dei har rett til å gjere utan å vere abonnent.

Trass fleire åtvaringar har tappinga halde fram også i 2018, og no truar vasslaget med å gå til politiet om ikkje tappinga omgåande blir stansa.

Styret understrekar at den som skal ha vatn frå vasslaget må vere abonnent og betale andelsinnskot og gebyr.