Hauge Pettersen gjer det bra

Henrik Hauge Pettersen held fram med å imponere i eliten.

Henrik Hauge Pettersen: Her ser vi Hauge Pettersen i aksjon.  Foto: Even Eiken Pettersen

Nyhende

Denne helga var det turnering for biljard Norges «Crème brûlée», og igjen drog Henrik for å representere HBK mot dei beste i landet.

Turneringa starta sterkt med ein 9–8 neglebitande siger, men i kampen etter blei det dessverre eit tap på 7–9, og Henrik blei sendt til taparsida. Der skulle han møte sin far, Maron Pettersen, som også var med på turneringa. Det er tydeleg at junior står sterkare i biljard, han vann 9–3.

Kampen etter blei, som den fyrste, veldig spennande. Stillinga blei igjen 8-8, men Henrik fann fram fokuset og vann 9–8. Følgjande kamp var kvalik til kvartfinalen, men her måtte dessverre Henrik sjå seg slått og var derfor ute av turneringa.

Vi vil likevel gratulere Henrik med sin 9.-plass i eliten og samanlagt 10.-plass på rankinga så langt i år. Ikkje verst i dette selskapet for ein 15. åring!