– E det han Elvis som drege so mykje folk?

Ja, iallfall nesten. «Søt musikk», latter og ein drøss med rørande augneblink oppstod på sjukeheimane i Herøy då «Kjell Elvis» alias Kjell Henning Bjørnestad bydde på seg sjølv til dei eldre tysdag.

Det har vore ei glede å kyss ... eh ... syngje for dykk.– Det har vore ei glede å kyss ... eh ... syngje for dykk.

Kjell Henning Bjørnestad
Nyhende

– Eg må åtvare mennene; damene går amok.

Kjell Elvis let blikket fare over den forventningsfulle forsamlinga på Herøy omsorgssenter. I dag er her folk frå alle avdelingane – og meir til. Det er trass alt ikkje kvardagskost å få besøk av den kjende Elvis-imitatoren frå Lyngdal i Vest-Agder. Han har allereie presentert seg sjølv og fortald kva han lever av:

– Eg er på hundrevis av sjukeheimar for Den kulturelle spaserstokken. Og den rosa spaserstokken, spøker han, og før vi veit ordet av det, har han bøygd seg fram og gitt ei av damene på første rad eit høglydt smaskekyss på kinnet.

Fan: Liv Kval­sund set­te stor pris på kon­ser­ten og vil­le gjer­ne ta eit bil­de sam­an med Kjell El­vis, som ho kan heng­je opp på rom­met sitt. Foto: Bjørn­ar Sæ­vik  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

 

I regi av Frivilligsentralen

At «Elvis» er i området, finn Vestlandsnytt ut då Herøy Frivilligsentral sender ein video på Facebook, direkte frå showet på Myrvåg omsorgssenter. Heldigvis viser det seg at sjukeheimstjerna også skal til omsorgssenteret på Eggesbønes, så vi hiver oss rundt for å få det med oss.

Vel framme får vi vite at det er frivilligsentralen, i samarbeid med Hareid frivilligsentral, som har fått mannen med den imponerande hårmanken til Søre Sunnmøre. Konserten er finansiert av Den kulturelle spaserstokken – ein nasjonal kultursatsing som skal syte for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre.

Ar­ran­gø­ra­ne: Ing­vill Bea­te Bjør­ne­set Sæ­vik ved Her­øy fri­vil­lig­sent­ral, Kjell Henning Bjørnestad («Kjell El­vis») og Britt Paul­sen ved Her­øy Fri­vil­lig­sent­ral. Foto: Bjørn­ar Sæ­vik  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

 

Kyssar på damene

Ikkje berre høyrer og ser Kjell ut som Elvis Presley – han «oppfører» seg også som han! Iallfall når det gjeld å byde på seg sjølv.

– No har eg kyssa på nokre damer her og der, men ikkje få panikk! Alle skal få. Og viss nokon ikkje klarer å vente, så kan de berre rekkje begge hendene i vêret, så skal de få, smiler han, så det glimtar i dei kvite tennene.

Han har akkurat sunge balladen «I Love You Because», og det har blitt ein del av dei «klissete greiene». Men så ...

– No, folkens, åtvarar eg mot sterke scener, for no er vi ferdig med dei kjedelege songane. No skal eg over på Rock›n Roll, seier Kjell, før han set i gang musikken, reiser seg opp på ein stol og trøkkar til med eit par innøvde hofterørsler.

– Det er no damene bruker å svime av!

Stolt: Kjell El­vis gir Arna Bergs­nes litt ekst­ra opp­merk­semd. Foto: Bjørn­ar Sæ­vik  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

 

Glade for merksemda

Klemmar, småkyss og ømme blikk vert delte ut i «hytt og gevær», og sjølv om publikum – kanskje særleg tilsette og besøkande – skrattar så det høyrast over basstonane, oppstår mange rørande augneblink. Det er nemleg ingen tvil om at mange av dei eldre kvinne-hjarta smelter litt i det Kjell Elvis kjem heilt nær dei og gir dei sin fulle merksemd medan han syng med si djupe, dirrande røyst. Dei stolte smila talar for seg sjølv.

Går over tida

Det er tydeleg at Kjell Elvis kosar seg, for han held på mykje lenger enn sine tilmålte 45 minutt. Omsider kunngjer han elles at:

– Det har vore ei glede å kyss ... eh ... syngje for dykk.

Han avsluttar konserten med klassikaren, «Glory Glory Hallelujah».