Laurdag er Den store kinodagen:

Viser rekordmange filmar

Fire førpremierar og to norgespremierar er mellom filmane på programmet når Den store kinodagen går av stabben i Fosnavåg. – Og så vert der masse aktivitetar.

Vi har gjort dette eit par gongar før, og når vi slepp ballongane går folk heilt amok

Bjørn Holum, kinosjef

Ki­no­sjef: Bjørn Hol­um. Ar­kiv­fo­to: Jo­se­fi­ne Spi­ro  Foto: Josefine Spiro

Filmane
  • Nabospionen (førpremiere)
  • Småkrypenes magiske verden
  • Månelyst i Flåklypa
  • Kutoppen
  • Gåsehud 2 – Monsterkvelden (premiere)
  • Mamma Mia: Here We Go Again (ønskereprise)
  • Nøtteknekkeren og de fire kongerikene (premiere)
  • Smallfoot
  • Harajuku (førpremiere)
  • Battle
  • Bohemien Rhapsody
  • Nothing But A Dame
  • Mordene i Kongo
  • Life itself (førpremiere)
  • Halloween
  • A Simple Favor (førpremiere)
Nyhende

Det seier kinosjef Bjørn Holum, som har avgjort kva for underhaldning Herøy-folket kan få med seg på filmlerretet førstkomande laurdag.

– I år viser vi heile 16 filmar på Den store kinodagen, og byrjar med framsyningane allereie tidleg om morgonen, informerer han.

Først ut er teiknefilmen «Nabospionen», som har førpremiere denne helga.

Kinofrukost

Ein halvtime før første film startar, vert det laga til «kinofrukost» på Restaurant Sjøkanten på hotellet.

– Den varer ei god stund, slik at ein kan velje om ein vil ete før eller etter filmen – eller før neste film byrjar, seier Holum.

Varer til langt på natt

Grovt rekna vert det vist om lag 35 timar med film denne laurdagen.

– Det går filmar i begge salane heile dagen, og det er ikkje over før klokka to, seier Holum.

Aktivitetar

«Poenget» med Den store kinodagen, som vert arrangert over heile landet, er at alle filmane denne dagen vert synte til halv pris. Men i Fosnavåg skjer det meir ...

– Vi skal ha masse aktivitetar og konkurransar med fine premiar. Midt på dagen vert det «ballongslepp». Då spenner vi eit nett med ballongar over heile området over etasjen under. Inni ballongane er det små og store premiar. Vi har gjort dette eit par gongar før, og når vi slepper ballongane, går folk heilt amok, fortel Holum.