Vil ha retningsliner for sosialhjelp

il­lu­stra­sjons­bil­de.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Etter den sterke auken i utbetalingar til sosialhjelp i Herøy, ber no rådmannen politikarane om å vedta retningsliner for utmåling av slik hjelp.

Staten sine satsar for utmåling av sosialhjelp er lagt til grunn for dei nye retningslinene som rådmannen legg fram til godkjenning. Etter desse satsane skal til dømes einslege utan barn få 6.050 kroner og ektepar/sambuarar 10.100 kroner i månaden. Sarsane for barn er gradvis stigande etter alder og startar på 2.350 for barn under fem år.

Barn og unge

Retningslinene skal vere rettleiande for det skjønet som vert gjort i kva einskild sak. Det er særleg teke omsyn til at ein ved skjønsutøvinga skal vurdere barn og unge sine behov.

Vidare heiter det at sosialtenesta kan gi stønad til eit husleigenivå som etter skjønsmessig vurdering skal sikre butilhøve i god stand, og med ein nøktern standard tilpassa hushaldninga sin storleik og samansetting.

Det er venta at Herøy kommune sine samla utbetalingar av hjelp til livsopphald vil passere 12 millionar kroner i 2018. Dette vil i så fall vere om lag dobbelt så mykje som utbetalingane i fjor.