Spøkelsa må bruke refleks

I dag er det halloween. Ikkje berre skremmer kostymekledde barn naboane, men også mange bilistar får seg ein støkk, åtvarar Gjensidige i ei pressemelding.

  Foto: Gjensidige

Nyhende

– I mørke kostyme og utan refleks, er det nesten umogeleg for ein bilist å få auge på barna, sjølv med gatebelysning, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige. Han oppfordrar bilistar til å vere ekstra observante onsdag kveld.

Risikoen for å bli påkøyrd i mørket vert redusert med 85 prosent ved bruk av refleks. Sjølv om barnet ser bilen, ser ikkje alltid bilisten barnet.

– Kle barna med refleks eller sy inn refleksar i kostyma. Med litt kreativitet kan det bli kule effektar som gjer det moro for barna å bruke refleks, seier Voll.