Harmonisk feiring med flott jubileumskonsert

Laurdag inviterte Cervix Vocales til jubileumsfeiring på Fosnavåg konserthus, der dei baud på 30 musikalske innslag frå sitt breie repertoar.
Nyhende

Tre musikarar går inn på scena. Jon Inge Bjøringsøy set seg på pianokrakken og Kristoffer Trandal løftar opp bassen. Fred-Michael Knotten finn fram trommestikkene og spelar opp ei svak rytme. Inn frå høgre kjem Cervix Vocales på rekke og rad i takt med musikken. Til slutt kjem kordirigent Øyvind Granden Berg inn, og med ein liten handbevegelse frå han, er konserten i gang. Damene er kledde i glitrande kle, høveleg nok til kveldens forrykande start då koret framfører låten «Diamonds are a girls best friend». Ein versjon som verkeleg kler akustikken i konserthuset, om underteikna skal få påpeika det.