Solveig Båtsvik (Frp) ville gi private lag og foreiningar førsterett på hamnene:

Møtt med sterke reaksjonar

Det blei temperatur i kommunestyret torsdag, då Solveig Båtsvik fremja forslag om å la private overta fiskerihamnene som Kystverket har bestemt avhenda.

HER­ØY KOM­MU­NE­STY­RE: Det kom som eit sjokk for Her­øy kom­mu­ne­sty­re då Sol­veig Båts­vik (Frp, nr. to f.v. på andre rek­ke) kom med for­sla­get om å gi pri­va­te førs­te­ret­ten på fis­ke­ri­ham­ne­ne. Spe­si­elt kri­tis­ke var Fol­ke­lis­ta/Sp-po­li­ti­ka­ra­ne som her sit på frem­ste rad.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Framtida til dei fem fiskerihamnene som Kystverket har bestemt avhenda er framleis ikkje avgjort. Hamnene det gjeld er Runde-, Sandebukta-, Bøvågen-, Kopperstad-, og Skorpa hamn. Då saka var oppe i formannskapet for to veker sidan, uttrykte dei fleste av politikarane bekymring for kor mykje dette ville koste kommunen, spesielt i vedlikehald. Då saka kom opp i kommunestyret torsdag, fremja difor Solveig Båtsvik (Frp) eit forslag om at Herøy kommune skulle trekkje seg ut frå forhandlingane om eit mogleg kjøp på dei hamnene der private lag eller foreiningar også er interesserte.