Det gjekk ikkje lange tida før dei 360 frammøtte i publikum fekk valuta for inngangsbilletten då Bergsøy tok i mot Valder på Havila Stadion fredag kveld. Etter to minutt fekk heimelaget frispark i fin posisjon. Thomas Sætre Hauge utnytta moglegheita og fann lagkaptein Daniel Kvalsvik Jøsok som, på meisterleg vis, scora kampens fyrste mål.

Leiinga vara derimot ikkje lenge. Sju minutt etter var det Bergsøy som ikkje fylgde med i timen, og rota det til i forsvaret. Valder-spissen Jonathan Mulelid vart spelt gjennom, og smatt ballen forbi Petter Aasen. Etter dette var det Bergsøy som styrte resten av omgangen. Dei plukka også to mål til. Det var det toppscorar Franjo Tepuric som stod for. I det 34. minuttet fekk han gå upressa inn på 16 meters hald, og sette ballen i mål. Snaue ti minutt etterpå, sat det igjen for kroaten, 3-1 til Bergsøy.

- Vi slit litt i byrjinga av kampen med å sette i gang spelet vårt, men etter det andre målet har vi full kontroll, seier tomålscorar Franjo Tepuric.

Lagkaptein Jøsok er eining i Franjo si vurdering.

- Timinga var ikkje heilt god i starten, men vi kom oss. Det var ein ok prestasjon, seier Jøsok.

Mållaus andreomgang

Andreomgang vart litt mindre spennande. Valder klarte ikkje å spele seg til dei store sjansane. Bergsøy hadde nokre brukbare forsøk, men ingen av dei sat der dei skulle. Heimelaget leverte likevel ein fin andreomgang og Toni Sandanger sette innpå fleire unge spelarar som stod i mot Valder. Om ein spelar fortener litt ros for fredagens innsats, i tillegg til målscorarane, bør nok Sondre Nygård Olsen trekkast fram. Han skapte fleire fine sjansar for heimelaget med presise innkast. Han vart også kåra til banens beste spelar.

- Det er ein heilt ordiner kamp. Mot slutten i andre omgang gjer eg ein del bytter for at dei yngre skal få litt motivasjon for å trene. Det er desse spelarane vi må satse på, kommenterer Bergsøy-trenar, Toni Sandanger.

Opprykket rauk

Fredagens siger kunne betydd opprykk for Bergsøy, hadde det ikkje vore for at nedrykksklare Sykkylven fekk grisebank på Color Line Stadion av AaFK 2 same kveld. Byrivalen sikra dermed opprykket på målskilnad.

Men dette kom langt ifrå som noko sjokk på verken Jøsok eller Sandanger. Dei var budd på at AaFK 2 kom til å mobilisere for å rykke opp til 3.-divisjon.

- Det kunne vore mykje verre. Vi var nære, men vi var budd på at situasjonen kunne bli slik. Dei har slått oss to gongar og såleis fortener dei det, seier Jøsok.

- Vi hadde sjølvsagt lyst til å gå heile vegen, men slik AaFK 2 mobiliserer, hadde det vore gale om det ikkje gjekk deira veg, seier Sandanger.

Han legg so til at det ikkje er lett og konkurrere mot ein so sterk rival.

- Men vi har gjort det. Vi har tatt like mange poeng som dei, og dette opprykket går på målskilnad for dei. Det skal vi vere stolte av, understrekar han.

- Alt ligg til rette

Sandanger fortel også at Bergsøy absolutt er på veg i ei positiv retning.

- Alt ligg til rette for at vi blir betre neste år. I fjor var vi gode, i år var vi endå betre…

- Og neste år blir vi best, fullfører Tepuric.

Dei tre takkar til slutt publikum for all støtta gjennom heile sesongen.

- Det har vore ein fantastisk sesong, avsluttar dei.