Det var spesielt kril-satsinga, Rimfrost, Stig Remøy tok opp då næringskomitéen besøkte Fosnavåg denne veka.

Maksimal utnytting

Fyrst snakka Olympic-reiaren om satsinga Rimfrost har med å hente ut kril i området kring Antarktis, verdas reinaste havområde.

– Den teknologien vi har, og dei skipa vi planlegg, vil revolusjonere heile kjeda frå kril-fangst, via produksjon, til ferdige produkt, sa Remøy.

Han presenterte så sin spesielle hydrolyse-teknologi. Gjennom fleire år har Rimfrost utvikla ein patentert teknologi på fangst og prosessering av kril-produkt. Remøy kan dokumentere at denne teknologien kan gi veldig høg avkasting, på eit relativt lite uttak av kril i Antarktis. Dei utnyttar nær 100 prosent av krilen. Produkta gjer mellom anna at oppdrettslaksen veks raskare og får betre helse.

– Vi kan hente ut mykje frå lite. Større volum er ikkje løysinga. Det viktigaste er at vi utnyttar all biomassen, sa Remøy, som også er svært opptatt av forsking og meir kunnskap innanfor feltet.

Kril som løysing på eit pressande problem

Remøy viste også til at kril som fiskefôr kan løyse eit presserande problem. Det er nemleg påbod om å bruke stoffet Ethoxyquin (EQ) i fiskemjøl, som skal bli transportert via sjø. Stoffet hindrar at det oppstår brann og eksplosjon i fôret. Som ein følgje av dette, kan laks innehalde EQ. Ny kunnskap om stoffet tydar desverre på at eitt av nedbrytingsprodukta og eitt stoff som vert danna som ei forureining under produksjonen, kan ha negativ effekt. På bakgrunn av dette jobbar EU med å fase ut EQ som tilsetningsstoff innan 2020. Her ser Stig altså eit stort potensial, då kril-mjøl ikkje har som problem at det går varme i fôret.

– Kril som fôr har noko føre seg, og oppdrettsnæringa er berre ei spe byrjing, sa han.

Må hindre ein monopolsituasjon

Den patenterte teknologien som Rimfrost sit på, har vore gjenstand for rettsleg strid mellom storkonkurrenten Aker Biomarine. Striden ser ut til å ha gått Remøy sin veg etter at amerikanske patentmyndigheiter slo fast at kril-patenten som Aker Biomarin tileigna seg då dei kjøpte kril-båten "Juvel", er ugyldig. Remøy hadde truleg dette i bakhovudet då han tala mot ei monopolisering av kril-fangst.

– Mitt bodskap til næringskomiteen er: Vi ber om at vi får like konkurransevilkår, slik at vi unngår ein situasjon med monopol. Monopol gagnar ikkje innovasjon. Eg vi ha fullt innsyn i praktiseringa, næringa og fiskeripolitikken.

Til slutt poengterte han at ein må forvalte kril-ressursen på ein forsvarleg måte. Krilen spelar ei vital rolle i næringskjeda.

Begeistra KrF-politikar

Steinar Reiten (KrF), Møre og Romsdal sin einaste representant i næringskomiteen, var særs interessert i å høyre om det Remøy hadde å seie. Han meinte bodskapen om fôr-potensial er underkommunisert.

– Med sin hydrolyse-teknologi løyser Rimfrost faktisk eit par påtrengande miljøproblem. Med råstoff frå kril kan ein faktisk få tilnærma giftfritt fiskefôr. Dette er ei stor sak i forhold til EU, som har vore problematiske for norsk sjømat, omdøme-messig. Dette var kanskje det foredraget eg beit meg mest merke i, sa Reiten i ein kort kommentar, før politikarane reiste vidare rundt i regionen.