Glenn Bradley i Rostein As orienterte om prosjektet då Stortinget sin næringskomité starta sin sunnmørstur måndag.

Det var i samband med eit innlegg om akvakultur og verdiskaping langs kysten at Bradley informerte om den komande hybridbåten.

– Tida var inne

– Vi har bevisst venta litt på ei slik satsing, men etter at det no er på full fart inn i mange båtar og ulike bruksområde, er tida inne for å satse hybrid. Skilnaden på dei andre båtane i 2020-serien vert at vi skal inn med ein batteri/dieselelektrisk pakke, samt at storleiken vert auka litt, opplyser Bradley til Vestlandsnytt.

Naturleg nok er det Rostein-verftet Larsnes Mek. som vert valt. Hybridbåten vert den sjuande brønnbåten Larsnes leverer til Sandøy-reiarlaget. Av desse vil dei seks siste vere bygde på same lest, ein båttype som er utvikla i samarbeid mellom Rostein og Skipskompetanse.

Levering tidleg 2020

– Vi reknar med at utrustinga vert sett i gang på seinsommaren eller tidleg haust neste år, medan leveringa er tidfesta til tidleg i 2020, seier Bradley.

Han er full av lovord om brønnbåtane som er bygde på Larsnes dei seinare åra.

– Båtane fungerer optimalt, og det gjenspeglar også det fantastiske samarbeidet vi har med verftet. Vi kjenner det slik at vi har eit utmerka samarbeid med heile Larsnes, eit framoverlent miljø som passar som hand i hanske med vår forretningsidé, avsluttar Bradley.

NoX-fondet og Enova

Adm.dir. Jarle Gunnarstein ved Larsnes opplyser at det no vert opp til NoX-fondet og Enova om prosjektet får støtte til å bli gjennomført som skissert. Utan støtte vert denne sjuande båten likevel bygd, forsikrar han.

– Det er klart at for oss vil bygging av hybridbåt vere eit spanande prosjekt, så det håpar og trur vi går etter planen, seier Gunnarstein.

Før den tid har han og verftet hendene fulle med fiskebåtar som skal byggjast. Nye «Hovden Viking» (Selje) skal leverast før jul, og i slutten av januar er det «Nordhavet» som skal over til sine tingarar i Troms. Deretter kjem den større «Zephyr» til Larsnes for utrusting. Det er ein vel 75 meter lang pelagisk trålar, som skal leverast til Lerwick på Shetland.