Historikar Karsten Alnæs har sagt at det er to personar som verkeleg har endra Noreg si historie; det er Olav den Heilage og Hans Nielsen Hauge.

Per Sævik, Per-Arne Lillebø, Roger Kvalsvik og Olaus Jon Kopperstad, inviterte i helga til det niande seminaret i rekkja om samfunnsreformatoren Hauge.

– Vi ønskjer å vise kva Hans Nielsen Hauge betydde for Noreg, lære av hans verke og innsats både når det gjeld samfunnsbygging og bygging av åndelege fellesskap.

Førstelektor ved Nord Universitet og historikar, Linda Helen Haukland, var med på Hauge-seminar i Herøy som foredragshaldar for andre gong. Ho fortel ho er med fordi Hauge spelar ei så viktig rolle i Noreg si historie at det er viktig å gjere folk kjent med han og rekkevidda av det han gjorde.

Viktig for demokratisk utvikling

I overgangen mellom 1700-talet og 1800-talet gjorde haugianismen at evna til å lese og skrive spreidde seg som eld i tørt gras. Nordmenn flest lærte å lese og skrive gjennom det som starta som ei religiøs rørsle.

– Dei vart kalla «lesarar» fordi dei samlast om Bibelen og møttest for å lese.

I tillegg skreiv dei brev til haugianarar andre stader i landet. Slik bygde dei nettverk og vart kjende med og for heile landet.

– Dette var ein viktig premiss for den demokratiske utviklinga i landet vårt.

La grunnlaget for likeverd

Haugianarane vart leseføre og skriveføre, bygde kunnskap og nettverk på grasrotnivå – og bygde dermed opp bøndene som demokratiske borgarar. Dei braut opp kunnskapshegemoniet og maktmonopolet til eliten. Det spegla seg i at det var fleire haugianarar både på Eidsvoll våren 1814 og i det første Stortinget. På Stortinget i 1883 var fleirtalet haugianarar. Og haugianarane sitt livs- og menneskesyn påverka samfunnsutviklinga.

– Haugianarane hadde ein viktig premiss om likeverd på tvers av kjønn, alder, sosial tilhøyrsle og helse. Det var bruk for folk uansett. Alle var like mykje verd. Slik bidrog dei til at vi vart eit land av likemenn i mykje større grad enn mange andre land.

Motstand og forfølging

Men sigrane til Hauge og haugianismen kosta. Dei møtte motstand, forfølging og til dels tortur. Hauge sjølv vart fengsla elleve gongar. Han vart nedbroten og alvorleg sjuk.

Sosiolog og mangeårige leiar av Ungdom i oppdrag, Alv Magnus, fortalde om Hauge sine mange og til dels lange opphald i fengsel, og såg føre seg korleis han trass i fysiske plager ikkje gav opp verken håpet eller trua. Det var noko av det som gjorde sterkast inntrykk på Inge Kolås frå Ørsta, ein av dei rundt 250 deltakarane på seminaret.

– Eg har vore med på Hauge-seminar fleire gongar før, og opplever det som givande og interessant. Denne gongen var forteljinga frå cella til Hauge, korleis han, heilt nedbroten, likevel ikkje gav opp, ikkje vart bitter, noko av det som rørte meg mest.

Den som trur, set spor

Både Linda Helen Haukland og Alv Magnus peikte på Hauge som ein som vart rørt ved av Gud og var villig til teneste. Slik vart han radikal i si samtid.

– Den som trur, set spor, sa Alv Magnus.

– Evangeliet har ei kraft til å endre samfunn.

Også Linda Helen Haukland utfordra dei frammøtte med kva haugianismen betyr når det gjeld å leve radikale liv. Ho framheva haugianarane som lesarar, nokre som las Bibelen og vart kjent med Jesus som ein ven som gir kraft og styrke.

– Slik kunne dei gå den ekstra mila, vise kjærleik i praksis. Dei ikkje berre visste kva som var rett, men fekk gjort det rette. Slik fekk dei etablert ein ny kultur vi framleis ser spor av i landet vårt.