Uavhengig valliste for Sunnmøre er den fylkespolitiske gruppa som såg dagens lys framfor valet i 2015. Dei kom inn med éin representant, i form av toppkandidat Bjarne Kvalsvik.

Vallista vart realisert etter at det hadde oppstått samarbeidsvanskar i Sunnmørslista, som Kvalsvik representerte i fire år før det igjen.

Ved fylkestingsvalet i 2019 tyder alt dermed på at det igjen vert to fogderilister som stiller, der Bjarne og Kari si liste vert ei av dei. Men det er visse formalitetar som må gjerast unna før dei kjem så langt:

– Vi må skaffe 500 underskrifter frå folk som ynskjer at vi stiller til val. Det har vi sjølvsagt tru på at vi skal klare, varslar dei to frontfigurane frå Nerlandsøya og Kvamsøya.

Kvalsvik og Ristesund meiner dei har fått gjennomslag for mykje i den første fireårsperioden med Uavhengig valliste for Sunnmøre:

– Det syner seg at søre luten treng talspersonar i fylkespolitikken. Etter neste val er det mange som forsvinn frå fylkespolitikken, og vi meiner det er minst like viktig no at vi kjem inn med glød for «våre saker», seier Ristesund og Kvalsvik til Vestlandsnytt.

– Kva er dykkar saker?

– Vi jobbar primært for Sunnmøre, men det er samstundes ei kjensgjerning at det er kommunane på Søre Sunnmøre som utgjer vårt kjerneområde.

Dei to meiner å ha vore medverkande til å ha berga både akuttkirurgien og kjøkenet ved sjukehuset i Volda. Det var to saker dei engasjerte seg sterkt for, mellom anna gjennom underskriftskampanjar, og der dei fekk masse støtteerklæringar frå heile regionen.

– Etter å ha vore i tenkjeboksen ei stund, har vi no bestemt oss for å halde fram. Personleg legg eg ikkje skjul på at saka om Nerlandsøybrua engasjerer meg så mykje at det til slutt vart ein utløysande faktor for at vi no kan stå her og seie at vi stiller igjen, seier Bjarne Kvalsvik.

Dei to veteranane nemner elles fleire samferdselstiltak på Søre Sunnmøre som er gjennomførte dei seinare åra.

– Det er også dei mindre sakene som treng talspersonar, anten det gjeld store dammar ved Nerlandsøybrua eller skuleskyss til Haugsholmen. Vi held også påtrykk for dei større fjordkryssingsprosjekta her i regionen. No kjem eg til dømes også til å stille spørsmål i samferdselsutvalet om kva status er på fylksvegane på Kvamsøya, der bygdefolket gong på gong ber om utbetringar, men der ingenting skjer. Gjennom oss har folk kort veg til Molde, seier Kvalsvik.

– Vi får elles jamleg oppmodingar frå folk om å stå på, og dessutan om at vi må stille til val igjen, skyt Ristesund inn.

Lista er førebels ikkje sett opp, naturleg nok, men Uavhengig valliste for Sunnmøre er i full sving med å sondere terrenget også her. Kvalsvik og Ristesund trur ikkje det vil by på vanskar, berre formalitetane rundt deltakinga er på plass.

– Vi planlegg også ein del informasjons- og dialogmøte her i distriktet, slik at vi får endå betre kontakt med veljarane, opplyser dei.

Håpet denne gong er å få inn to representantar i fylkespolitikken. Toppkandidat Kvalsvik siktar seg igjen inn mot ein posisjon i samferdselsuvalet.