Dagleg leiar, Per Frøystad legg frå seg det noko spesielle brevet frå Dagens Næringsliv på bordet framfor seg. Brevet dukka opp i posten for eit par veker sidan, med melding om at Frøystad AS er blitt kåra til DN gaselle.

– Vi har ikkje vore på lista tidlegare, så dette er litt spesielt, seier Frøystad.

Mellom kriteria for å få den prestisjefulle utmerkinga, er at bedrifta må ha minst dobla omsetnaden dei siste fire åra (2014-2017). Korleis har dei greidd det?

Frøystad trekkjer fram fleire årsaker.

– For om lag fem år sidan utvikla vi eit nytt flytetau til garn. Takka vere det, har vår omsetning i denne marknaden gått opp, trass i at garnfisket har gått ned, seier Frøystad.

For to år sidan lanserte dei dessutan «snurrevadtauet».

– Her har vi tilpassa oss eit tidsaktuelt behov. Det har vore ein del lekkasje frå garnfiske til snurrevadfiske dei siste åra, seier Frøystad.

Bedrifta har også hatt ein god auke på sal av fiskekar og på fleire typar garn.

Spår storsuksess for ny reketeine

I september lanserte Frøystad AS ei heilt ny type reketeine.

– Ho er ikkje skikkeleg ute på marknaden enno, men er allereie blitt ein suksess. Eg trur faktisk reketeina kan bli like stor som breiflabbgarnet vi lanserte i 1992, og det er den største suksessen vi har hatt så langt, seier Frøystad.

Ifølgje den daglege leiaren, kan den nye reketeina ikkje samanliknast med noko anna slag i verda.

– Til no har det ikkje funnest effektive reketeiner, seier han, før han fortel om ei sjølvopplevd erfaring frå ein tur til Sverige.

– Eg hadde med meg teina til ein venn og fiska ein dag. Den tok 40 reker. Ifølgje kystvakta der borte, var rekordfangsten med reketeine i Sverige på éi reke, humrar han.

Med unntak av Frøystad sitt hobbyfiske i Sverige, har den nye teina blitt testa i Porsangerfjorden i Finnmark.

– Vi sette ut hundre teiner. I løpet av eit døgn fanga dei i snitt 2,7 kg reker kvar, seier Frøystad.

Kiloprisen på levande reker ligg no på rundt 250 kr/kg. I restaurantnæringa ligg den på opp mot 600 kr/kg, opplyser Frøystad.

–Då skal det ikkje mange kiloa til før du får ein god pris!

Godt er det også at teina, ifølgje produktutviklaren, ikkje skader reka.

– Ein del av dei som allereie finst på marknaden lagar ryggskade på reka, og då går ho raskt i oppløysing når du kokar henne, seier Frøystad.

– Har alltid vore innovative

Per Frøystad var sjølv med å starte opp bedrifta (tidlegare Frøystad Fiskevegn) saman med faren, Mindor Frøystad, i 1972. Allereie året etter starta dei å montere fiskegarn ved hjelp av symaskin.

– På den tida var det ingen andre som gjorde det. I dag vert symaskina nytta over heile Europa, i vesentlege delar av Asia og truleg også i Canada, seier Frøystad.

Bedrifta heldt fram med å lansere mange nyskapande produkt, heilt fram til dei vart fusjonerte med REFA i 2003.

– Då vart det lite utvikling. Difor selde vi oss ut og starta for oss sjølve igjen i gamle lokale i februar 2011.

Aukar stadig

Frøystad AS har i dag 15 tilsette, der 5–6 av dei berre jobbar med sal.

Bedrifta omsette for om lag 32 millionar kroner i fjor. Det beløpet reknar dei med å overskride med nær ti millionar innan inneverande år er omme.