- Målet med ein skipstunnel ved Stad skal vere å redusere reisetid, redusere forureining og redusere faren for ulukker. For Hurtigruten sin del, vil det å bruke tunnelen kort sagt føre til det stikk motsette. Difor har vi bestemt at vi ikkje kjem til å bruke tunnelen dersom den blir realisert, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten.

På oppfordring frå prosjektet bak tunnelen, har Hurtigruten blitt oppmoda om å vurdere skipstunnelen utifrå Hurtigruten sin operative ståstad.

- Ingen av vurderingspunkta konkluderer med at tunnelen er å føretrekke framfor dagens velkjende segling rundt Stad for Hurtigruten, Hurtigruten sine skip og Hurtigruten sine gjestar. Tvert imot viser gjennomgangen fleire sentrale risikomoment der tunnelen kjem langt svakare ut enn dagens seglingslei. Av dette følgjer at Hurtigruten ikkje kjem til å nytte seg av Stad skipstunnel, skriv Hurtigruten i brevet.

Dei trur likevel at tunnelen kan ha positiv effekt for skip med anna driftsmønster enn Hurtigruten. Dei skriv også at dei har tillit til styresmaktene sitt arbeid og vurderingar i saka.

Per Sævik og Havila Kystruten delar ikkje Hurtigruten si vurdering. Les kva Per Sævik hadde å seie om tunnelen under Vanylvskonferansen på fredag:

Avgrensa verdi i marknadsføring

I brevet har hurtigruten sett på nautiske forhold, sikkerheit, klimautslepp og sist vurdert tunnelen som attraksjon for sine gjestar.

Dei påpeiker at ei rute med skipstunnel vil verte fire nautiske mil lengre enn i dag. Dei ser i tillegg føre seg at einvegskøyringa i tunnelen kan gi ventetid og forseinkingar. Konsekvensane må verte at skipa anten aukar farta til over 16 knop, samanlikna med snittfarta i dag på 13,5 knop. Dette vil gi auka utslepp og forbruk av drivstoff, går det fram i brevet.

Hurtigruten peiker også på at farvatnet før og etter tunnelen er trong og tidvis grunt, noko som aukar risikoen.

Skipstunnelen har som mål at den skal bidra til at klimautsleppa går ned. Hurtigruten skriv at det ikkje vil gjelde for deira skip. Dei viser då til lengre seglingsled og høgare forbruk av drivstoff.

Hurtigruten trur heller ikkje skipstunnelen ved Stad vil bli eit trekkplaster for sine gjester.

- Vi har ei stund blitt møtt med argumentet om at tunnelen kan marknadsførast internasjonalt som ein stor turistattraksjon. For Hurtigruten sin del vil tunnelen ha ein svært avgrensa verdi i marknadsføring – på same måte som bruer eller vindmølleparkar. Våre gjestar kjem til Norge for å oppleve aktive, naturbaserte opplevingar, seier Ege og legg til:

- Med mindre vi endrar rutetidene drastisk, vil vi passere tunnelen grytidleg om morgonen – og det vil bli ei oppleving for nokre få interesserte som droppar nattesøvnen. For våre gjestar vil det å passere Stad på opent hav framstå som ein større attraksjon og eit punkt gjestane kan setje på skrytelista frå den unike norskekysten, seier han.