Det seier fylkesleiar Linn Therese Sævik om Sande sitt resultat etter åres TV-aksjon.

Sande ligg nemleg som nummer 2 i fylket når det kjem til kva for kommune som har gitt mest pengar til TV-aksjonen per innbyggar. Det totale resultatet for kommunen vart på 203 877 kroner, som utgjer i snitt 80,84 kroner per innbyggar. Det er heile 35,60 kroner meir enn landsgjennomsnittet på 48,58 kroner per innbyggar.

– Sande har hatt full bøssedekning i lang tid, og det er kjempebra. 2.-plass er heilt fantastisk. Eg sende ei melding til Dag Vaagen søndag kveld og gratulerte han med det fantastiske resultatet. Han har all grunn til å vere fornøgd, skryt fylkesleiaren.

På topp 5 av bidragsytarane i Sande finn vi:

1. Larsnes skule (21.482)

2. Sande kommune (10.000)

3. Brimer AS (5000)

4. Larsnes Mek. Verksted AS (5000)

5. Myklebust Verft AS (5000)

Sande hamna på ein 41.-plass i landet, av i alt 423 kommunar.

Bøsse-auke i Herøy

Herøy gjorde det også særs godt, med sine 668 407 (oppdatert 26.10.2018) kroner til årets TV-aksjon. Det er i snitt 69,71 kroner per innbyggar. Summen heldt til ein 5.-plass i fylket, noko Linn Therese regelrett strålar over.

– Eg hadde som mål at vi skulle bli blant topp 5, og det klarte vi akkurat, så eg er veldig glad. Det var ekstra kjekt å sjå det gode bøsseresultatet, som eg faktisk trur er det beste vi har hatt i Herøy på mange år, seier Linn-Therese.

Årets bøsseresultat i Herøy vart på 291 437 kroner, mot 249 636 kroner i fjor.

– Eg er glad for alle som gjekk med bøsse og alle som tok så godt imot dei. Der er stor givarglede i Herøy, både på bøssene, hos kommunen og i næringslivet, seier fylkesleiaren.

På topp 5 av bidragsytarane i Herøy finn vi:

1. Moltu skule (33 343) (Oppdatert 26.10)

2. Bergsøy skule avd. Borga (30.000)

3. Herøy kommune (25.000)

4. Søre Sunnmøre frisørlaug (23.000)

5. Ope hus med konsert – Mindre. Åleine. Saman. 4. okt. (19.020)

6. Leikanger skule (17.998)

På landsbasis hamnar Herøy på 57.-plass (per. 26.10.2018)

Tala henta frå giverstafett.no

Godt fylkesresultat

Då Vestlandsnytt sjekka måndag ettermiddag, var det blitt samla inn totalt 13 003 442 kroner i Møre og Romsdal (7.-plass i landet). Av desse kjem over seks millionar kroner frå bøsseinnsamlinga, som er ein betydeleg auke sidan i fjor. Også kommunebidraga har auka mykje.

– Eg trur dei gode resultata har å gjere med at årets TV-aksjon støttar ei sak som engasjerer mange og som mange kan kjenne seg igjen i, seier fylkesleiaren.

I år går innsamlingsaksjonen til Kirkens Bymisjon sitt arbeid for eit varmare og meir inkluderande samfunn: « Vi skal tilby mennesker som opplever å stå utenfor, et nytt fellesskap, en seng eller en samtale og slik bidra til at flere får muligheten til å oppnå egne mål og drømmer».

Landsresultatet var måndag ettermiddag på 241 276 064 kroner.