Bergsøy byrja friskt i Herøyhallen søndag, og fekk tidleg ei god leiing. På eit tidspunkt i fyrste omgangen hadde Bergsøy ei 10–4 leiing, og det såg ikkje ut til å bli den store dramatikken. Men i minutta før pause kjempa strilane seg inn i kampen, og var fire mål bak i det laga gjekk i garderoben.

Spenning mot slutten

Andre omgang skulle vise seg å bli ein spanande omgang, der Bergsøy stort sett låg to mål føre gjestane frå Hordaland. I det sluttminutta nærma seg steig temperaturen på bana, og Bergsøy sitt trufaste publikum kjente det nok litt på nervane då Markus Buchardt pådrog seg ei to minutts utvising med tre minutt att på klokka. 30 sekund før full tid var leiinga til Bergsøy krympa til eit mål, og Sotra hadde blod på tann. Men då spela Bergsøy seg fint fram, og med eit godt skot frå kanten, sikra Eldar Lillerovde to poeng for Bergsøy og ein viktig 28–26 siger.

– Gjer det vi må

Bergsøy-trenar Thomas Buchardt var nøgd med poenga, men meinte elles at laget kan meir.

– Dette vart ein på mange måtar «kjedeleg» kamp der vi ligg føre heile vegen og har god kontroll, men so rotar vi det til slik at det blir spaning på slutten. Vi gjer litt feil som vi ikkje skal gjere, men vi gjer jobben vår og tek dei to poenga, det er det viktigaste, sa Buchardt etter kampen.

– Blir litt kaos

Bergsøy-veteranen Rikard Moe meinte det var ein god siger.

– Det er godt å vinne, og også veldig viktig, sa han rett etter at dommaren blåste i fløyta for siste gong.

Markus Buchardt meinte laget hadde kontroll, men at det vart litt vel spanande på slutten.

– Eigentleg føler eg at vi har kontroll gjennom heile kampen, men at vi gjer litt dumme feil slik at vi ikkje får avgjort. Og so blir det jo litt kaos når eg får ein to minuttar rett før fulltid, men det gjekk heldigvis bra, sa Buchardt som sjølv scora sju mål søndag.

Toppscorar blei nærast som vanleg Evaldas Grieze, som denne gongen leverte åtte mål, sjølv om han ikkje spela like mykje som han vanlegvis ville gjort.

– Eg slit litt med nokre småskadar, og er difor litt redusert i spelet mitt, men vi har heldigvis andre som står fram. Elles er ikkje vi på vårt beste i dag, sjølv om eg føler at vi vinn fortent, sa Grieze etter kampen.

– Får to veker til å førebu oss

Bergsøys neste kamp er fyrst om to veker, då dei møter eit anna bergenslag, Viking TIF 2 i Haukelandshallen. Dei to vekene vil Buchardt bruke godt.

– No får vi to veker til å førebu oss på den neste kampen, og dei skal vi bruke godt, sa Buchardt.

Sonen Markus Buchardt får derimot ikkje noko kamppause, då han vil vere i full sving med flagget på brystet neste helg.

– Vi reiser onsdag, og so skal vi spele tre kampar i løpet av perioden torsdag til søndag, sa han etter kampen.