Det er svært mykje som er farleg, og ein må vere på vakt heile tida.

Men vi må ete, vi kan ikkje gjere som bonden, som skulle prøve å venje av hesten med fôr. Han greidde det nesten, men hesten døydde diverre - like før prosjektet skulle avsluttast.

Denne artikkelen skal handle om sukker, og styresmaktene sin heltemodige kamp mot søtsmaken.

Då eg var gutunge visste vi ingenting om at sukker var farleg. Vi strødde masse sukker på brødskiva, blåbæra, ripsbæra, grauten, og på puffa ris. Plukka vi ein rabarbra, dyppa vi rabarbraen i sukker, og stappa i oss.

Når eg gjekk på butikken for dei vaksne, masa eg til meg litt ekstra pengar. Dekkoperasjonen var at eg skulle kjøpe onglar til å fiske moldkrede i elva med. Sanninga var at eg kjøpte ein pose med søte karamellar, som eg åt opp på vegen heim.

Eg vart alltid avslørt, fordi eg var brun rundt munnen, og moldkreda fekk symje i fred den dagen.

Når styresmaktene ikkje vil at vi skal ete noko som er farleg for helsa vår, legg dei avgifter på varene. Den farlege maten skal bli så dyr, at vi ikkje kjøper den. Det er litt av eit paradoks at politikarane fryktar for eldrebølga, men gjer alt dei kan for å halde oss i live lengst mogleg.

Sukkeravgifta er ei særavgift, som vart innført allereie i 1981. Nokre meinte då, at den vart innført for å ta vare på helsa vår. Mykje tyder på at formålet med avgifta var å få meir pengar til statskassa- det er nok det som er sanninga.

I fjor haust skulle regjeringspartia bli samde med Krf og Venstre om statsbudsjettet for 2018, då hende det noko rart, sikkert seint om kvelden.

Dei vart samde om å auke særavgifta på sjokolade -og sukkervarer med heile 83 prosent. Særavgifta på alkoholfrie drikkevarer som er tilsett sukker, auka med 42,3 prosent. Det inkluderer både brus og saft, og avgiftsauken tok til å gjelde frå 1. januar 2018.

For næringsmiddelindustrien som produserer sjokolade og brus, vart det ein sur start på året 2018. Men, dei som bur nær svenskegrensa, har ei enkel fluktrute når hungeren etter noko søtt melder seg. Svenskehandelen av brus og godteri har auka kraftig i år, knapt nokon gong har omgrepet «søta bror» vore meir treffande.

Men i framlegget til neste års budsjett, er avgifta for sjokolade og sukkervarer redusert. Men for brus og saft er avgifta den same som i år. Det får brusprodusentane til å rive seg i håret, avgifta er konkurransevridande, og trugar norske arbeidsplassar, hevdar dei.

Men kor enkelt er det for ein sunnmøring å drive svenskehandel, utan å køyre til Sverige? Det tok meg nokre få minutt å finne fleire svenske nettbutikkar, som tilbyr billeg brus og andre søtsaker.

Eg stoppa opp på sida til ein svensk nettbutikk som heiter «Gottekungen» Dei reklamerer med at varer som kostar meir enn 300 kroner, vert tilsendt fraktfritt. Til dømes kan eg tinge tre brett med Pepsi Max i boksar, for den nette sum av 329 kroner, eller ca. kr. 4.50 pr boks. Ei norsk daglegvarekjede reklamerte nyleg med Pepsi Max til heile kr.17.90 pr. boks.

Men der er ei søt rosin til i denne politiske pølsa; Alle nettkjøp frå utlandet på inn til 350 kroner, er nemleg momsfri, medan handelsmennene i Norge må legge på moms.

No byrjar eg å kjenne at søtsmaken blir bitter, og at dette systemet er ei politisk oppskrift på å legge ned norske arbeidsplassar, medan vi får i oss like mykje sukker som før.

Oskar Syltes brusfabrikk i Molde, og Lerums saftfabrikk i Sogndal, er gamle tradisjonsrike verksemder, med mange distriktsarbeidsplassar. For dei sluttar ikkje livet ved svenskegrensa. Dei er eksponerte for global konkurranse, kvar einaste dag, året rundt. Dei har vore flinke, men dersom dei må slepe på ein tung ryggsekk med særnorske avgifter, blir det vanskeleg å få lønnsemd.

Finanskomitéen på Stortinget bør ta med seg tre kasser pærebrus, og låse seg inne. Når dei kjenner søtsmaken av sunn fornuft, kan dei kome ut igjen.

Ha ein brusande fredag.