Eit pent dekka bord gjer at gjestane kjenner seg ekstra velkomne. Det er like viktig som måltidet. Eller kanskje viktigare... Du kan ete kva som helst, så lenge du har noko fint å sjå på, seier Åslaug Nevstad Hildre og humrar lett, med eit spøkefullt glimt i auga.

Kanskje ho må invitere til selskap i kveld, no som spisebordet er på sitt mest innbydande. Burgunderraude hageblomar, tørre strå, oransje rhododendron-blad, raude hageeple, rosa-lilla blåbærlyng, mørke haustblad...

– Ein tenkjer kanskje at det er over ute no, men der er veldig mykje fint. Og det er lov med éin av kvar sort. Her har eg berre masse ting som eg har sette i tomme syltetøyglas og barnemat-glas. Det viktige er at pynten har ein skala av lyst og mørkt i same fargetonar, og det finn vi naturleg ute no. Eple er det også mykje av. Fyll dei i skåler og bruk som dekor. Det luktar kjempegodt, seier Åslaug.

Heimelaga dekor

Du treng sjølvsagt ikkje nøye deg med å pynte spisebordet. Åslaug skal snart vise oss korleis vi kan lage stemningsskapande haustdekor til heimen. Men først litt om eksperten...

Starta Blomstrende AS

Åslaug er ein av Noregs fremste innan blomsterdekorering og har konkurrert aktivt i 20 år. I bagasjen har ho mellom anna to gull frå NM i blomsterdekorering og eit gull frå ein lagkonkurranse i Nordisk meisterskap. I 2015 kom ho på 6.-plass i VM.

– Først og fremst er konkurrering ei personleg greie, for det verkar utviklande. Men det bidreg også til at eg bygger nettverk i inn- og utland. Blomsterdekorering er ein liten bransje, så er du aktiv, vert du lagt merke til, seier ho.

Åslaug blir lagt merke til. Etter at ho flytta heim att til Dragsund i Herøy for nokre år sidan, har ho gjort karriere som sjølvstendig næringsdrivande. Mellom anna har ho dekorert to hurtigruter, og ho er produktutviklar for Interflora.

I år tok Åslaug endå steg vidare, og starta firmaet Blomstrende AS saman med venninna Ingrid Bendiksen frå Lillehammer.

– Eg har jobba med henne før, i ein blomsterbutikk ho eigde på Lillehammer. Vi treivst godt med å jobbe saman. Eg er rastlaus, så eg slutta etter kvart og reiste til Mellom-Amerika, men vi slapp aldri tanken på at vi vil jobbe i lag, fortel Åslaug.

Så vart Ingrid trebarnsmor og vart lei av laurdags- og feriejobbing.

– Vi bestemte oss for å starte Blomstrende for over eit år sidan. Ingrid selde butikken i juni, og i august var vi i gang med dei første oppdraga i det nye firmaet, seier Åslaug.

Då hadde haustkalenderen vore full sidan juni.

– Vi kan gjere veldig mykje forskjellig. I tillegg til å ta konkrete oppdrag, som regel frå større firma, synest vi det er veldig spennande med kundemøte og sal. Og vi held masse motivasjonsføredrag for folk som driv med sal og service, seier Åslaug.

«Treet på kjøkkenbenken»

Tilbake til hausten i huset. For det er det det er – på ein varm, fargerik måte. Eit lite «tre» stikk opp av kjøkenbenken. Det vil seie, eigentleg er det tre store greiner; éi gammal og tørr, éi ny med blad og éi nypegrein. Åslaug har festa små, søte, kunstige dompapar i dei. Greinene står i eit par vasar på eit breitt, saman med tørka strå, haustlauv og kubbelys.

Ein vakker idé

Før Vestlandsnytt tok turen til blomsterdekoratøren denne septembermorgonen, bad vi henne kome med tips til heimelaga haustdekor. Resultatet ser vi på kjøkkenbenken: to nydeleg dekorerte glaslykter. Den eine er ikkje heilt ferdig, for Åslaug skal vise oss framgangsmetoden.

Haustblad, lyng, strå, furunåler og avblomstra ting er døme på fine ingrediensar i lykt-dekoren.

– Du kan bruke ein miks av trådar til å feste dei med, men bruk gjerne ståltråd, for den sit godt. Du får kjøpt det på blomsterbutikkar, seier Åslaug, og går i gang med arbeidet.

Framgangsmetoden ser du til høgre i dette oppslaget.