- Eg er litt skuffa over at det ikkje ligg inne 30 millionar kroner på årets statsbudsjett til oppstart av Stad skipstunell. Spesielt med alle dei positive utgreiingane og vedtaka som har vore gjorde i samband med prosjektet.

Slik starta Per Sævik sitt føredrag då han tala for ei stor forsamling på Fiskå ungdomshus under årets Vanylvskonferanse fredag. Temaet for årets konferanse var reiseliv og lokalmat. Reprentantar frå heile regionen møtte opp.

Ein reiselivsmagnet

Per Sævik var naturlegvis innleiar for reiselivsegmentet og snakka varmt om Stad skipstunell. Han uttrykte skuffelse for at der ikkje var bevilga pengar på årets statsbudsjett til det han meiner kan bli ein stor attraksjon for nordvestlandet.

- Stad skipstunell kan bli ein av våre største reiselivsmagnetar i regionen. Eg saknar litt at ringverknadane som ein slik tunell vil ha blir løfta fram, sa Sævik, og peika på suksessen som Loen Skylift har opplevd.

Motkreftenes arena

Sævik meiner Stad skipstunell er på veg inn i det han omtalar som «motkreftenes arena», der viktigheita av tunellen blir skyvd til side av negative uttaler frå til dømes Rederiforbundet og andre krefter frå meir urbane strøk.

- Derfor er det viktig at alle gode krefter lokalt trykker på for å realisere dette, sa Per.

NPK skreiv fredag om at samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) lovar at skipstunellen skal realiserast. Men kostnadane må ned før ein kan starte bygginga av prestisjeprosjektet, meiner statsråden. For å kunne bygge tunnelen innan kostnadsrammene i Nasjonal transportplan, må storleiken på skipstunnelen, og kor store båtar som skal segle gjennom, vurderast på nytt, varslar Dale.

Sævik, på andre sida, åtvara forsamlinga om å ikkje akseptere ein mindre tunell enn han som er foreslått, om det skulle kome til det.

- Vi må ikkje ramle ned i grøfta og aksepter ein liten tunell. Det vil nesten vere bortkasta pengar. Vi må ha ein tunell som kan brukast, slo han fast.

Snakka om kystruta og hotelldrift

Etter å ha snakka om Stad skipstunell, fortalte Sævik om både Havila Kystruten og deira nye hotellsatsing Havila Hotels. Han var spesielt oppteken av at sunnmøringar må lære seg å sjå business i dei fantastiske moglegheitene vi har i området. Han trakk fram miljøaspektet og kor viktig det er å fokusere på miljøvenleg turisme.

Vestlandsnytt kjem tilbake med meir frå Vanylvskonferansen, både på nett og i papiravisa