Vestlandsnytt var til stades på den andre delen av ungdomsskulane si markering av verdsdagen for psykisk helse, og fekk blant anna høyre kommunepsykolog Ivar Ørstavik fortelje om det å vere raus, og artisten Aleksander Goksøyr fortelje om sine opplevingar knytt til psykisk helse.

Som ei innleiing til Ørstavik sitt foredrag fekk vi sjå ein film, der elevane delte sine eigne tankar om det å vere raus. Og som elevane sjølv fortalde; det å vere raus kan vere so mykje forskjellig. Det kan vere å dele med andre, opptre støttande for andre, vere hyggjeleg mot medmenneske, gjere det vesle ekstra, eller det å dele på damene.

– Ver ein moderne viking

Ivar Ørstavik brukte mykje av sitt foredrag til å oppfordre ungdommen til å vere modige og å ta sjansen på å vere ein «moderne viking», som kjempar for det ein står for. Han ville også ære dei som er litt late, og kanskje kjem litt for seint på skulen av og til. Ørstavik meiner nemleg at det er viktig å ta vare på seg sjølv, trass i stressande kvardagar.

Ørstavik snakka også om kor viktig det er å ha respekt for andre som kanskje ikkje er heilt lik ein sjølv.

– Det er viktig å vere smart, og då held vi ord som «hore», «homo» og «kjerring» for oss sjølve, sa Ørstavik.

Ørstavik minna også på at forskjellen mellom ein gut som er heterofil og homofil eigentleg ikkje er so stor.

– Dei opplever begge to å vere forelska, og seinare vil dei kanskje begge kjenne på den same kjærleikssorga. Det einaste som skil dei er at den eine er forelska i ei jente, og den andre i ein gut, sa Ørstavik.

Elles meiner Ørstavik at det viktigaste som skal til for å skape eit meir raust samfunn er at vi går frå ei «eg-haldning» til ei «vi-haldning».

– Lag ein dosett

Helsesøster Mari Haugen Lunde snakka om viktigheita av å ha ei god psykisk helse og kva ein kan gjere for å trene opp si psykiske helse. Noko av det viktigaste for å bygge opp ei god psykisk helse er å tole at ein gjer feil, og heller prøve på nytt. Det er også viktig å la andre få tid og forstå deira situasjon.

– Ting som kan fremje god psykisk helse er blant anna trivsel på skulen, det å ha ein god ven, gode opplevingar, og det å ha ein meiningsfull kvardag, sa Lunde.

Helsesøster Haugen Lunde oppfordra ungdomane til å lage seg ein dosett, (ei form for eit medisinskrin, journ.anm.) der dei fylte inn sine gode opplevingar.

– Det som er viktig å tenke over då er kva som gjer deg glad, kven du likar å vere saman med, og i kva samanhengar du opplever lykke, sa Lunde.

Haugen Lunde fortalde også kor viktig det er at ein tek vare på seg sjølv og dei rundt, og minna om at det er viktig å snakke med nokon ein stolar på om ein skulle få det vanskeleg.

– Sei «HEI» til folk

Musikaren Aleksander Goksøyr byrja med å fortelje at han sjølv vart mobba, og kva det har betydd for hans liv. Han var spesielt oppteken av kva andre har å seie for vår psykiske helse.

– For meg er det å vere raus å seie «hei» til andre menneske og vise interesse for dei, sa Goksøyr.

Han song også ein song for ungdomsskuleelevane som handla om ein gut som kom til Noreg med mykje bagasje.

– Mange av våre nye landsmenn har ein bagasje som vi ikkje klarar å førestille oss, difor må vi slutte å dømme dei før vi faktisk forstår situasjonen deira, sa Goksøyr.