Vestlandsnytt snakka tidlegare i haust med tilsette som hadde fått oppseiingsvarsel.

Styreleiar Desiree Grønnevik i Breivik Kalkverk AS seier til Vestlandsnytt at det stemmer at bedrifta er inne i ein situasjon der det trengst ei omstilling. Drifta har ikkje bore seg dei siste åra. Det gjorde heller ikkje situasjonen betre at verksemda mista ein større kontrakt.

Breivik Kalkverk AS står for drifta, medan Breivik Eigedomsselskap har eigedomar og ressursane, mellom anna dei store mengdene uutnytta kalk.

Ute etter nye løysingar

Etter det Vestlandsnytt skjønar, kan det vere aktuelt med ny kapital, eventuelt utanfrå, men då i utgangspunktet når det gjeld driftsselskapet.

– Vi er ute etter nye løysingar, stadfestar Grønnevik til saka.

Bedrifta har sidan i fjor vore vore gjennom nedbemanningar, og var tidlegare i haust nede i sju tilsette. No er det ytterlegare nedskalert. Før denne operasjonen var det 12 tilsette i bedrifta.

– Vi har framleis drift og leverer varer til kundane våre, seier Grønnevik til Vestlandsnytt. (Nett.no skreiv først om denne saka)

Selskapet har dei siste fire åra pådrege seg samla underskot på over 3 mill. kr. Minuset i fjor vart vel ein halv million kroner. Frå 2016 til 2017 vart omsettinga redusert frå 17,3 mill. kr til 14,6 mill. kr.

Drift sidan 1885

Bedrifta har i nyare tid hatt et variert produktspekter, med den naturlege kalkførekomsten som viktig råstoffkjelde. Fôrkalk og jordbrukskalk er to viktige produkt. I tillegg produserer verksemda forskalingsblokker, støttemurar og gatestein. Ein leverer dessutan fyllmasse, kalksand og støypesand, for å nemne nokre av produkta.

Det har vore kontinuerleg drift i dagbrotet heilt sidan 1885. Det vil seie i 133 år. Åra er laga av grunnfjellskalkstein som er danna for 1,5 milliardar år. Den grovkrystalliske strukturen gjer kalksteinen godt eigna for knusing og maling til mjøl, korning og singel.

Bedrifta har tilhøyrt Dyrhol-familien heilt sidan 1927. Det er i dag etterkomarane til Ingvald Dyrhol, og generasjonen etter det igjen, som eig bedrifta. Administrasjonslokala og sementvarefabrikken vart i september 2003 totalskadd av brann. Anlegget vart deretter bygt opp att.