Tysdag ettermiddag sat formannskapet i eit fleire timar langt møte saman med etatsleiarane. Innleiingsvis gjorde konstituert rådmann Oddbjørn Indregård opp status for kva rammer ein må halde seg innafor, sett i lys av framlegget til statsbudsjett.

– Vi har ein realauke på 0,7 prosent neste år. Samstundes er det fleire nye eller utvida oppgåver som skal skjøttast, varsla Indregård.

– Det er i dag eit avvik mellom inntekter og utgifter på 8,5 millionar kroner når det gjeld budsjett for neste år, la Indregård til, og varsla dermed at det vert knalltøffe prioriteringar i tida som kjem.

Stenge Sandetun-avdeling?

Mellom anna kom det i Indregård si orientering fram at eit omsorgstilbod for yngre brukarar, som tidlegare var knytt til Larsnes skule men no er overført til omsorg, vil koste 1,3 mill. kr meir.

Pleie- og omsorgssjef Bård Dalen forklarte det med at det er innført ei rekkje nye oppgåver i den såkalla buhabiliteringa. Han la for heimebaserte tenster sin del til at Sande har høvesmessig stor andel yngre brukarar (under pensjonsalder).

Dalen la elles fram eit mogleg sparetiltak, nemleg mellombels avstenging av ei avdeling på Sandetun sjukeheim. Årsaka til at det kan vere mogleg, er at det for tida er mange sengar ledige – i ein sjukeheim der det tidlegare var overbelegg.

Arnljot Muren (Ap) varsla overfor rådmannen at han ynskte ei meir detaljert oversikt over korleis Sande no står seg i høve til planen til tidlegare rådmann Asle Giske, der kostnadsnivået skulle takast ned 12,5 mill. kr i løpet av nokre år. Han stussa elles framleis over at Sande i høve Kostra-tala framleis ligg veldig høgt, i høve til samanliknbare kommunar.

Bjørn Flatøy (Sande vest) uttrykte skepsis til å stenge av ei avdeling på Sandetun, noko han frykta kan føre til nye runder med ventelister og overlbeleg på sjukeheimen.

Ordførar Dag Vaagen (H) meinte det vil kunne late seg gjere å stenge ned all den tid behovet er mindre ein periode.

Teknisk sjef Kjell Martin Vikene orienterte om «sitt» budsjettframlegg, der vassutbygging og bustadfeltutbygging vert sentrale element i åra som kjem.

Johansen vil vere tydeleg

Oppvekstsjef Øystein Johansen varsla at han i budsjettarbeidet kjem til å vere svært tydeleg på kva konsekvensar reduserte løyvingar vil gje.

Formannskapet hadde merka seg rapporten som fortel om ein sterk reduksjon i talet på elevar, medan lærarressursen likevel held seg stabil.

– Dette kan vere kopla opp mot fleire oppgåver og tilsette i studiar. Det er heller ikkje slik at ein slavisk kan redusere talet på lærarar i takt med talet på elevar, sa Johansen mellom anna.

Bjørn Flatøy spurde om det går an å ha ein heil, udelt skule (1-10), noko Johansen såg på som urealistisk. Vidare antyda Johansen at det kan vere mogleg å spare på å gjere om Sandsøy barnehage til familiebarnehage.

– Problemet er at det ikkje vert fødd ungar i Sande, sa Marion F. Bringsvor (Frp), som meinte det var uheldig at barnehagesrukturen ikkje var tema då skulen var under lupa i 2016 og 2018.

Oppsummert verkar det som det er lite innsparingspotensiale i Sande med mindre ein gjer strukturelle grep. På inntektssida er det pengar å hente på eigedomsskatt, varsla Indregård, og antyda 2-3 millionar kroner i årlege inntekter.