– Eg hadde så innmari lyst. Skulle vi vere så galne at vi gjorde det?

Inger-Anne Almestad og sambuaren, Thorstein Jenssen, sit heime i sin gamle, rehabiliterte sveitservilla i Oslo då dei får beskjeden. Nokon har lagt inn eit bod på Rønneberghuset på Larsnes, fire år etter at det vart lagt ut for sal første gong i 2012. Dei var og såg på det den gongen. Antikke møblar frå ei svunnen tid stod utstilte i det 134 år gamle huset. Pianoet hadde spesielt god tiltrekkingskraft på Thorstein, som sette seg til rette og lèt fingrane fare over tangentane. Den bergenske eigedomsmeklaren hadde lagt seg i sofaen og sagt at «dette kjennes helt rett».

– Vi vurderte å kjøpe huset for å restaurere det og bu der. Eg er fullstendig gal etter gamle hus og gamle ting – alt som har ei historie, seier Inger-Anne.

Men så endar paret opp med å busette seg i Oslo, og ho gløymer heile Rønneberghuset. Heilt til den skjebnesvangre dagen i 2016.

– Meklaren kontakta oss fordi vi tilfeldigvis stod på lista over interessentar. Var vi framleis interesserte? Vi skjønte at vi måtte bestemme oss raskt. Etter å ha diskutert saka, slo vi heile Rønneberghuset frå oss. Vi hadde nok å tenkje på frå før.

Dagen etter får Inger-Anne ei urovekkande telefonoppringing frå sambuaren.

– Eg har gjort noko eg kjem til å angre på resten av livet, seier han.

Inger-Anne kjenner pulsen auke. Å, nei! Kva har hendt?

Han har kjøpt Rønneberghuset.

– Då han fortalde det, kjende eg ei slik stor, boblande spenning og glede. Ja, eg kjenner det no, berre eg snakkar om det. Nyheita kom som eit sjokk, sidan vi hadde bestemt oss for å la vere kvelden før, men det var vanvettig kjekt.

- Viktig å vere på "åstaden"

2,5 år er gått sidan Inger-Anne og Thorstein sette i gang med den enorme restaureringsjobben. Med unntak av nokre omgangar med måling, har den historiske sveitservillaen frå 1878 vore gjennom lite vedlikehaldsarbeid sidan den siste som budde der, Else Halle, plata igjen alle overflater på innsida av huset på 1960-talet. Då vart også taket av altaskifer skifta ut med eternittplater.

– Det første vi tenkte då vi kom hit var: Dette vert dyrt. Dette tek tid, seier Inger-Anne.

Vestlandsnytt treff henne midt under vekas siste oppussingsøkt, dagen før ho må reise tilbake til Oslo etter nok ein arbeidsferie på Larsnes.

– Er det verd det?

Inger-Anne nøler ein augneblink. Så smiler ho:

– Ja. For meg er det ei vanvettig glede å vere her. Dette er ein plass full av god energi. Og når vi først har byrja, må vi halde fram.

Heldigvis har prosjektet fått litt økonomisk støtte frå Kulturminnefondet og fylkeskommunen. Til å hjelpe seg med det praktiske arbeidet har Inger-Anne engasjert snikkar Terje Skoge, som viser seg å ha eit personleg forhold til Rønneberghuset.

– Eg brukte å leike her då eg var liten, for eg kjende barna som vaks opp her. Og så jobba eg for husbonden, Per Halle. Det var litt spesielt, for eg var berre åtte år gammal. Eg måla innsida av fabrikken hans (Halle dreiv med klippfisktørking, sildesalting, krabbeforedling og skipsekspedisjon nede på kaia, red. anm.) Seinare, då eg var rundt ti år gammal, byrja eg å koke krabbe der. Oldemora mi, Gina Halle, var dessutan tenestedame her i huset rundt 1910-20-talet, fortel Terje.

Han er glad for å få vere med på det spennande restaureringsprosjektet.

– Eg har stor respekt for grundigheita til Inger-Anne og Thorstein. At dei vil tilbakeføre huset til sitt opphavlege uttrykk og gjere det så til fingerspissane fint. Dei har vore gjennom mykje graving og planlegging for å gå inn i historia, seier han.

Inger-Anne har studert ein del bøker om det gamle huset for å finne ut korleis det kan ha sett ut for 140 år sidan.

– Men det som har vore viktig for meg er å vere her på «åstaden», og gå tilbake i historia gjennom tapet- og målingslag. Bildemateriale frå innsida har det ikkje funnest, seier ho.

Ja, for Inger-Anne har avdekka mykje under prosessen med å «blade seg» bakover i tid. Som til dømes den gongen ho heldt på å rehabilitere loftet og skulle skifte ut dei to gamle blekkplatene under vedomnane der oppe.

– Då eg snudde dei, viste det seg at desse blekkplatene var to halvpartar av eit gammalt skilt som hang nede på Rønneberg-sjøbuda. På skiltet finn vi inskripsjonen:

«Petroleum

Solarolje Smøreolje.

Epr. K.D. Rønneberg.»

Kristoffer Dorius Rønneberg. Det var han som redda Rønnebergvillaen frå å hamne på ein annan familie sine hender, etter at broren, Karl Gerhard, selde alt i 1912. Det gjekk rett nok seks år før sjøkapteinen Kristoffer Dorius hadde råd til å flytte frå Volda – som han, kona og dottera kom til etter den store brannen i Ålesund natt til 23. januar 1904 – og kjøpe slektseigedomen på Larsnes. Men lat oss gjere ei lita tidsreise – til før sveitservillaen på Larsnes såg dagens lys – til ein lagnadstung natt i 1877.

(Saka held fram under bildet)

Skilt: Det­te vart opp­da­ga då In­ger-Anne skul­le skif­te ut dei gam­le blekk­pla­te­ne un­der var­me­om­na­ne i overetasjen. Det vis­te seg at dei var to halv­par­tar av eit gam­malt skilt.

Natt til søndag 28. oktober 1877 (nokre kjelder seier 1878)

Rasmus Gerhard Rønneberg den andre vaknar med eit rykk. Røyklukt. Han kjem seg på beina og kikar ut. I løpet av nokre sekund går det opp for han at borgstova er overtend. I all hast får han familien ut i oktobernatta, før han spring mot stabburet, riv opp døra, klatrar opp til loftet og finn klokkestrengen. Bygdefolket kjem – men dei kan ikkje hjelpe. Ved daggry er både borgstova, stabburet, hovudhuset, vedhuset og sjøbuda blitt forvandla til ruinar. Berre bakeriet, éi sjøbud og eit par gamle naust står uskadde tilbake.

To besøkande, som kom kvelden før, vert tekne inn til avhøyr, men dei nektar for at dei kan ha vore uforsiktige med elden. Om kjøpmann Rønneberg vil klandre dei, vert det påstand mot påstand. Dei var no berre uskuldige gjestar. Sjølv om ingen kjem utanom at brannen starta i borgstova, der dei to har vore, finst der ingen bevis.

Rasmus tek med seg kona, Karoline frå Flåvær, dei to sønene Karl Gerhard (11) og Christoffer (5) og tenestefolket til eit losjihus han har fått bygt ved eit fiskemottak han eig på Toftesundholmen på Sandsøya. Så tek han til med planlegging av atterreisingsarbeidet. Det vert ikkje lett. Berre hovudhuset var delvis forsikra. Rasmus er nøydd til å tigge etter lån og pengegåver frå andre. Han håper at Rønneberg-folket i Ålesund vil vise miskunn ovanfor slekta på Larsnes.

Det viser seg at firmaet «Carl E. Rønneberg & Sønner» vil finansiere gjenoppbygging og kaianlegg på Larsnes mot at dei får overta handelen. Men storkjøpmannen i Ålesund vil også bidra med lån til utbygging av nytt hovudhus til han som skal bli firmaets «stedlige representant», nemleg Rasmus Gerhard Rønneberg.

Allereie året etter storbrannen kan bygdefolket nyte eit spektakulært syn under fjellhammaren inst i bukta: Ein stor og staseleg familievilla i ekte sveitserstil, reist av samtidas dyktigaste bygningsfolk frå Nordfjord.

Lite endra sidan huset vart bygd

I 2018 er det 140 år sidan Rasmus og familien steg inn i sin nye bustad for første gong. I eit notat, skrive av arkeolog og forskar Øystein Ekroll, datert 3. oktober 2012, kan vi lese: «Hovudbygninga har form som ein stor borgarleg villa av den same typen som også kan finnast i utkanten av dei store byane som Bergen og Oslo på same tid. Det er ukjent kven som var arkitekten, eller om huset er bygt etter ei typeteikning. Bygningsstilen kan karakteriserast som «sveitserstil», med veranda, stor takakustikk og rike ornament i gavlkantane.

Huset er bygd av høvla tømmer, ein svært tett og solid konstruksjon, og står på ein høg kjellaretasje av upussa naturstein. I tillegg til hovudbygningen er det eit stabbur og eit eldhus, begge rimeleg godt bevarte og kan restaurerast med enkle tiltak. Litt lenger mot vest stod der ein stor låve som no er borte, og eit grisehus/hønsehus som står. Ved Skitnevika lenger mot vest var der også eit badehus, der murane er bevarte.

Hovudbygningen er svært lite endra sidan 1879, det viktigaste er legginga av eternitt-plater på eine takflata, og skiftinga av vindauga i 1. etasje»

I ei anna kjelde kan vi lese at sveitservillaen var skinande kvit.

– Det stemmer ikkje at han har vore det frå gammalt av, opplyser Inger-Anne.

Ho har nemleg skrapa vekk målinga på fasaden, lag for lag, og funne ut at huset hadde ein mykje mørkare kulør då.

Det gamle hovudkjøkenet, som vart verkstad på 60-talet, og som no er blitt opphaldsrom, har også fått originale, duse fargar: brunrosa og grøn.

I det eine hjørnet av rommet står ei stor grue. Rehabiliteringa var ein kjempejobb.

– Då kalken vart fjerna, såg vi korleis ho eigentleg var bygd opp, med desse formasjonane og søylene, seier Terje og kastar eit blikk på eldstaden, som for augneblinken er mørk og kald.

– Det var veldig artig å sjå korleis grua eigentleg var. Og så synest eg det er så spennande med tapeta på veggane, seier Inger-Anne.

Mange av dei har nemleg aldri blitt fjerna – men nye har kome til oppå, i fleire omgangar, medan dei gamle vart brukte som «isolering».

(Saka held fram under bildet)

Snart fer­dig: In­ger-Anne og Thor­stein har brukt mykje tid på grans­king av ma­te­ri­a­le for å fin­ne ut kor­leis Rønneberghuset kan ha sett ut, for så å res­tau­re­re hu­set på den gam­mal­dag­se må­ten. I haust­fe­rien (sin) vart In­ger-Anne stort sett fer­dig med ho­vud­sto­va. Legg mer­ke til ta­pe­tet!

Ein gong i tida hadde rommet vi sit i – det gamle hovudkjøkkenet – eigen inngang til kokkar og anna tenestefolk. No er inngangspartiet blitt eit gjestetoalett, med – så langt det let seg gjere – universell utforming. For sjølv om Inger-Anne og Thorstein planlegg å bruke bustaden som feriehus, ønskjer dei også å «dele» den historiske skatten med andre.

– Vi har skjøna at bygdefolket – ja folk i heile regionen – er veldig opptekne av huset, seier Inger-Anne.

Ho har oppretta Facebook-sida «Rønneberghuset», der dei jamleg deler bilde og statusoppdateringar undervegs i prosessen med restaureringa.

– Responsen har verkeleg gitt oss ei forståing av at dette ikkje berre er eit fantastisk, gammalt hus med ei spennande historie. Det er også viktig for samfunnet. Difor ønskjer vi at folk skal få moglegheit til å kome hit, seier Inger-Anne, som har eit håp om at huset vil kome nok i stand til at ho og Thorstein kan lage til noko her før jul.

– Men eg kan ikkje love noko, understrekar ho; – Folk får følgje med på Facebook-sida for å sjå om vi klarer det.

Etter kvart ser paret føre seg å kunne opne huset til dømes for finare selskap og historiekveldar.

Historia. Ho er omfattande, spennande og gammal.

Heldigvis har nokon teke jobben med å grave ho fram og skrive ho ned. Ho startar eigentleg i Herøy, dit Kristoffer Rønneberg kom i 1753. Det står skrive at «han kom til Sunnmøre som ei kyrkjerotte. Då han døde var han Sunnmøres rikaste mann». Kristoffer Rønneberg hadde nemleg eit forretningstalent utan like. Han samla rikdom på handelsstaden Kriksholmen. Pengane brukte han til å utvide, og han kjøpte eigedomar på strategiske plassar på Sunnmøre. Sønene, Elias, Rasmus og Carl Esias, skulle drive dei ulike handelsstadane. Elias kom til Valderøy, Carl Esias til Ålesund, og Rasmus til Larsnes. Sistnemnde var ein eigedom Kristoffer kjøpte på tvangsauksjon i 1803.

12. august 1804:

Det første Rønneberg-barnet på Larsnes, Christoffer Mathias, er fødd. Det har gått fort. Rasmus og Gjertrud har nettopp gifta seg. Rasmus har vore heldig. Ekteskapet med dottera til den mektige Johan Wiig på Moltu hadde neppe vore aktuelt om det ikkje hadde vore for Rasmus sin far og hans posisjon blant dei fremste på Sunnmøre. Faktisk er det mykje som tydar på at ekteskapet i realiteten er ein forretningsavtale.

Dei neste fire åra får Rasmus og Gjertrud fem barn til: Johan Fredrick (1806), Andreas Severin (1809), tvillingane Charlotte Abigal og Margrete Kristine (1811) og Carl Nicolai (1816). I 1819 føder Gjertrud eit barn som ikkje veks opp.

I 1822 får 15 år gamle Johan Fredrick, som går skule i Bergen, eit brev frå broren Christoffer Mathias (18) om at faren er død og gravlagt, berre to månadar etter at mora deira gjekk bort. Dei fire yngste barna vert plasserte hos onklar og tanter i Ålesund og på Valderøya, medan dei to eldste gutane må klare seg sjølve. Og ikkje nok med det – Christoffer M. har også ansvaret for handelsplassen på Larsnes.

To år seinare døyr også farfaren, Christoffer Rønneberg, i Herøy. På den tida gjer allereie Christoffer M. det godt som kjøpmann, endå han berre er 20 år gammal. På 30-talet har han blitt særs mektig. Ikkje berre blomstrar det på Larsnes – han har også kjøpt handelsstaden Skotholmen.

8. mars 1847:

Christoffer M. Rønneberg, Erik Pederson og høvedsmann Anders Pedersen Sandvik Vaage stig om bord i Rønnebergjekta og legg ut frå Larsnes. Båten skal dei fylle med klippfisk. Dei set kurs for Bergen, men er ikkje komne lenger enn til Åramsundet då dei møter ein vel frisk nordavindskuling. Høvedsmannen seier dei må segle nord om Riste eller sør om Haugsholmen, men Christoffer insisterer på at dei skal halde fram med den planlagde ruta. Det endar dårleg. Anders dett over bord. Christoffer M. greier med naud og neppe å redde han.

Etterpå er ikkje tilvære det same. Heldigvis for Christoffer M., lagar kona, Dorthea Heiberg, liv og røre rundt han når han sjølv er plaga med mørke, altoppslukande tankar.

Berre nokre veker etter forliset i Ristesundet dukkar det opp ein delegasjon av soknets fremste menn for å snakke med handelsmannen på Larsnes. Dei har store planar for han.

3. november 1837 vert Christoffer valt til ordførar i den nye formannskapseininga for Herøe, Sande og Rovde sokn. I tillegg har han, utover 1830- og 40-talet, fleire offentlege verv.

Christoffer M. og Dorothea har tre barn: Rasmus Gerhard (1828), Gabrielle Cathrine Heiberg (1830) og Dorothea Christine (1835). Saman med dei bur systera til husfrue Dorothea, Maria Heiberg. Ho skulle eigentleg ha gifta seg i sin ungdom, men i forlovingstida fekk ho kreft og måtte fjerne begge brysta. Det sette ein stoppar for bryllaupsplanane. «Tante Maria» vert buande hos Rønnebergfamilien til ho døyr i 1857, 72 år gammal.

Den 16. desember 1863 forlèt Christoffer M. Rønneberg verda, 59 år gammal, og Rasmus Gerhard tek over handelsstaden. Han er einaste handelsmann på Larsnes, med rett til både sal og skjenking av brennevin. Forretningane går så det susar.

14 år etter farens død brenn seks hus, derimellom hovudhuset, på handelsstaden til grunnen.

(Saka held fram under bildet)

Chris­tof­fer Mathias Røn­ne­berg: Han vart Her­øy sin første ord­fø­rar kort tid et­ter det dra­ma­tis­ke for­li­set i Ristesundet. Det­te heng på «ord­fø­rar­veg­gen» i Her­øy Rådhus. Kjel­de: Her­øy kom­mu­ne/John Mag­ne Johannessen. Foto: Kilde: Herøy kommune/John Magne Johannessen

Fredag 5. oktober 2018:

– Her brukte å vere eit herreværelse, fortel Inger-Anne.

Ho oppdaga det då dei fjerna platene og seinka taket i det «nye» kjøkenet, som vart bygt på 60-talet.

– Det var berre ein mikroskopisk liten flik med tapet, men vi kunne sjå kor innrøykt det var. Der sat karane med pipene og sin konjakk, og spekulerte i alt frå dampskip til handel. Vi har laga nytt herreværelse i eit rom vi ikkje kjenner historia til, og så har vi valt å halde fram med å ha kjøken der herreværelset ein gong var, fortel Inger-Anne.

- Eg trur spøkelsa er fornøgde

Ein imponerande bognande trapp, nymåla og brun, strekkjer seg frå inngangspartiet og opp til andre etasje i huset. Trappa glinsar av linoljemåling, som var det dei brukte då Rønneberghuset vart bygt. Det tar dagar før han tørkar, så vi kan ikkje gå opp og sjå dei åtte soveromma. Så langt er to av dei ferdig pussa opp.

Vi vert avbrotne av eit høgt «Hallo!». Det er Inger-Anne si søster som kjem innom for å sjå korleis storstova, med utsikt mot kaia. ser ut. Inger-Anne skal slipe golvet der inne i kveld. Rommet er snart ferdig.

Besøk under arbeidet, frå både vaksne og barn, er slett ikkje uvanleg på den livfulle «byggeplassen».

– Ungane synest det er litt skummelt her. Men det litt morosamt òg. Eg òg trur litt på spøkelse, innrømmer Inger-Anne. – I går, då eg heldt på å måle, kjende eg eit kaldt gufs. Men eg trur spøkelsa er veldig fornøgde, smiler ho.

(Saka held fram under bildet)

Til venst­re: Døra i det «nye» kjøk­ke­net er den ori­gi­na­le frå 1878. Til høg­re: Trap­pa er måla med lin­ol­je­må­ling, til liks med alle ande måla fla­ter i hu­set, som også vart nyt­ta då Rønneberghuset vart bygt.

28 budde i huset på ein gong

Rundt år 1900 bur Rasmus og Karoline i den flotte sveitservillaen på Larsnes saman med sonen, Karl Gerhard, og hans danske kone, Wilhelmine Wiig. Arvtakarane har ikkje eigne barn, men dei har adoptert to jenter etter Wilhelmine sin bror. Det er forresten ikkje berre Rønnebergfamilien som bur i det store huset rundt årsskiftet, men nesten ein heil liten «landsby». Totalt 28 menneske med ulik bakgrunn, frå forskjellige plassar held til i det store huset. Av dei er 17 ført opp som «tenarar», som inneber alt frå folk som steller med hus og heim, til budeier, gardsdrengar og ulike betjentar.

Larsnes har dei siste ti åra vore den einaste staden for skjenking og sal av brennevin i Sande herad. «Det er tenkjeleg at omsetnaden auka frå den tid», heiter det i «Soga om Sande og Rovde».

Etter at Rasmus måtte leige ut landhandelen etter brannen i 1877, er ikkje inntektene til kjøpmannen på langt nær så gode som før. Rundt årsskiftet byrjar problema med forretningane å tårne seg opp. Likevel bestemmer Rasmus seg for å lage ein stor familiegravplass på Rønnebergeigedomen. Då han får kongeleg løyve til å gjere det i 1903, bruker han meir pengar på å opparbeide gravplassen enn han brukar på å styre med forretningane: post- og dampskipsekspedisjon. Rasmus får til og med grava opp leivningane etter farfedrane på Rovde og frakta dei til Larsnes. Det vert ikkje mykje igjen av familieformuen til arvtakaren, Karl Gerhard.

I 1902 tek Karl Gerhard over postkontoret på Larsnes.

Då faren døyr, fem år seinare, tek han også over handelen. Men Karl Gerhard strevar. Etter fem år vert han nøydd til å gi seg som handelsmann og selje heile Rønneberg-eigedomen, med tilhøyrande hus.

Broren hans, sjøkapteinen Kristoffer Dorius Rønneberg, har nettopp vore gjennom sitt livs verste storm då han får meldinga om at broren har selt seg ut. Sjølv sit han med kone, ei dotter, ein jordlapp og nokre kyr i Volda, etter å ha mista heile formuen sin i Ålesund-brannen for tre år sidan.

Den 25. desember 1911 døyr Kristoffer D. si kone, Mina. Dottera deira, Borghild, er berre ti år gammal. To år seinare giftar han seg på nytt med den 38 år gamle syerska Inga Cecilie Rørstad, og etter ytterlegare fem år har han kjøpt tilbake Rønneberg-eigedomen på Larsnes.

Allereie året etter, i 1919, må han gravlegge sin eigen bror, Karl Gerhard, på familiegravplassen.

Den nye eigaren er, i tillegg til sjøkaptein, både postopnar og dampskipsekspeditør. Dessutan importerer han «den flotteste konjakk i rittelige eikefat», alt til sals frå hans kjøpmannsdisk.

(Saka held fram under bildet)

Frå venst­re: Inga Røn­ne­berg, Vilhelmine Fa­ber, Ka­ren Sætre, Ka­ro­li­ne Wiig Røn­ne­berg, Chris­tof­fer Røn­ne­berg, Borg­hild Røn­ne­berg og Carl G. Røn­ne­berg. Bi­le­tet er tru­leg frå 1918, same året som Kris­tof­fer Dorius kjøp­te att ei­ge­do­men og flyt­ta frå Volda til Lars­nes. Foto: Olaf Storegjerde

Glad for dei nye eigarane

Vi står ved vegs ende i omvisinga i Rønneberghuset. Førebels minner det litt om ein byggeplass, som Inger-Anne og Thorstein bruker all si fritid på. Det er noko Bjørn Halle, ein av etterkomarane til Rønnebergfamilien set pris på.

– Eg er veldig glad for at huset blir teke så godt vare på og restaurert for komande generasjonar. Dei nye eigarane gjer ein imponerande innsats med tanke på tid, investeringar og kvalitet, seier han i ein e-post til Vestlandsnytt.

Vi gler oss til å sjå resultatet.

Det meste av historia om Rønneberg-slekta i denne artikkelen er henta frå boka «Proprietærene» – Rønnebergs saga av forfattaren Ole M. Ellefsen. Andre skriftlege kjelder er «Soga om Sande og Rovde» av Bjarne Rabben og eit notat skrive av arkeolog Øystein Ekroll.