– Klar, ferdig, gå!

Åtte spreke barn, i alderen 6 til 10 år, sprintar av garde frå startstreken i sanden på Munkvoll stadion. Det er ikkje om å gjere å vere raskast, men å springe flest mogleg rundar. For kvar runde kvart barn spring, får dei nemleg donert eit gitt beløp av sine private sponsorar: besteforeldre, onklar, tanter og foreldre.

På sidelinja står Julie Sydhagen og Julianne Moltu og tel rundar og tek tida. Ikkje for å måle kor fort barna spring, men for å stoppe dei når det har gått 15 minutt.

Etter eit par-tre rundar (kvar runde er på 120 meter), har smila byrja å falme, vi høyrer pesing mellom deltakarane, og føtene sleper meir enn dei sprett over grusen.

Då dukkar det plutseleg opp ein gjeng 5.- og 6.-klassegutar på sidelinja. Dei klappar og heiar. Ein av dei, Henry, er spesielt høglydt og motiverande.

Det er alt som skal til. Heiagjengen har sytt for drivstoff i dei tomme 1.-4.-klassetankane, og småskuleelevane skyt av garde med nye, friske smil om munnane.

Så er det dei eldste barna sin tur. Deira runde er på 200 meter. Ali Mushtak Ghazi (10) orkar flest, og spring heile 8 rundar på 15 minutt! Nestemann på lista er Henry Jacobsen, med 7 rundar. 6 rundar er det fleire som klarer.

Fullt hus

Barna har nesten sprunge frå seg då den eine teljaren vender seg mot den andre:

– No kjenner eg at eg byrjar å bli svolten.

–Ja, eg òg!

Dei veit kva som ventar inne på grendehuset.

– Brennsnut er no så godt!

Der inne er det også kaker og tombola med masse flotte premiar.

Då maten er fortært, vert det underhaldning av lokale talent, og skulen har laga skulekor! Dei får også besøk av fylkesleiaren for TV-aksjonen, Linn Therese Sævik.

Fekk inn over 30.000

Om lag 140 porsjonar med suppe og 20 kaker vart selde på kjempedugnaden. I tillegg sprang barna inn over 10.000 kroner på stafetten.

– Eg er heilt overvelda over kor mange som kom! Utan at rekneskapen er heilt spikra, kan eg med stoltheit seie at vi har bikka 30.000 kroner til ei veldig god sak. Dette vil eg seie er «SupertMoltu», seier Monica Sandnes, som mellom anna har vore sponsor-ansvarleg.

I forkant av kvelden, ringde ho rundt til lokale bedrifter med tilknyting til Moltu og spurde om støtte.

– Dei stilte opp utan å nøle! Vi fekk inn litt over 6000 kroner, som dekte alle utgiftene til suppa. Det vi hadde til overs vart overført til aksjonen, seier ein takksam Sandnes.

Det var rektor Jon Magne Løvberg ved Moltu skule som tok initiativ til kvelden. I tillegg til skulen, engasjerte han alle bygdelaga: Husmorlaget, Moltustrandingen, grendehuset, FAU, korpset og idrettslaget.

– Tusen takk til Løvberg, som sette i gang dette. Det var verkeleg dumt at han ikkje fekk vere med og sjå resultatet sjølv – eg veit han gjerne ville vere der. Takk, også til kontaktlærar Trine Garnes som tok over som stand-in for rektoren, seier Sandnes, og held fram:

– Ungane og vi foreldra set også stor pris på at alle kontaktlærarane og fungerande rektor tok turen denne kvelden.