Sande kommune, Kong Arthurspelet og Go Group AS hadde nyleg møte i samband med den litt betente saka om eit eventuelt sal av det kommunale «spelhuset» Sandebu.

Her vart det avklart at GO Group kan utsette eit kjøp til hausten 2019. Dermed kan spelet planleggast og gjennomførast som før, heiter det frå referatet etter møtet.

Det heiter vidare at dei involverte får tid til å tenkje ut alternative spelfascilitetar. Ein ser føre seg at spelet utarbeider ein spesifiksasjon om behov, og at ein eventuelt sikrar seg ein grunnavtale på staden. Det skal også lagast ein finansieringsplan der kommunen er med på laget.

På møtet i formannskapet denne veka var det full støtte til denne planen, der ordførar Dag Vaagen (H9 stadfesta at inntektene frå salen er tenkt nytta til «nye fascilitetar» for spelet.

– Det var eit avklarande møte der det vart streka under at «vi alle vil kvarandre vel», oppsummerte Vaagen etter møtet mellom dei tre partane.