På tradisjonelt vis trakkar – bokstaveleg tala – det politiske miljøet i Sande til for TV-aksjonen.

– På slikt vis får du søndag besøk av ein lokalpolitikar med innsamlingsbøsse i handa. Innsamlinga går i år til Kirkens Bymisjon og deira arbeid mot utanforskap, som er den største årsaka til skilnader i samfunnnet, seier Vaagen.

Kontant eller Vipps

Kirkens Bymisjon arbeidar med å gi menneske eit nytt fellesskap. Enkle ting som ei seng eller ein samtale vil bety utfatteleg mykje for så mange.

– Ta vel i mot bøsseberarane. Syt for å ha kontantar eller ein mobiltelefon med Vipps-app klar. Di gåve utgjer ein skilnad! lyder oppmodinga frå innsamlingskomitéen.

Vaagen og resten av apparatet i Sande oppmodar også verksemder, lag og organisasjonar om å gi eit gåvebeløp til Tv-aksjonen.

– Kanskje vil de i så måte også verte kontakta av ordføraren gjennom e-post eller telefon, varslar Vaagen.

– Fantastisk bra

Då formannskapsmedlemene drøfta årets opplegg for TV-aksjonen nytta varaordførar Anne Marte Beitveit høvet til å seie nokre rosande ord:

– Inntektene frå årets TV-aksjon går til eit fantastisk bra føremål, nemleg tiltak til, og fokus på å jamne ut forskjellane. Det er mange som slit på ulike måtar i samfunnet, og dette er ein framifrå måte for oss alle å bidra til det viktige artbeidet som Kirkens Bymisjon utfører, sa Beitveit.