Vi ruslar på kaikanten i Fosnavåg saman med leiar i Herøy Fiskarlag, Stig Arne Sævik. Han er talsmann for ei stor og viktig lokal næring. Tema er sjølvsagt det nyaste skotet for baugen hamneutbygginga har fått:

Nyleg signaliserte regjeringa at dei har peika ut tre prosjekt i landet som får bli med i den nye ordninga med forskottering av hamneprosjekt. Ei ordning Herøy var pådrivar for. Men Fosnavåg er – i alle fall førebels – ute av bildet.

– Det står på viljen

– Det har vore fleire delegasjonar her siste åra med politiske toppar som har sett på hamneprosjektet og dei gevinstane det vil gje både nærings- og miljømessig. Eg må seie det er syltynne forklaringar Helge Orten og transportkomitéen no kjem med. Dei syner til at det er faglege vurderingar som ligg bak, at folk i departementet har stått bak prioriteringane. Er det ein ting eg er trygg på, så er det at viss det finst politisk vilje til å drive fram Fosnavåg hamn frå sentralt hald, så vil proskjektet også bli gjennomført, seier Sævik.

Ny ørkenvandring?

I eit intervju i Vestlandsnytt sist veke sa leiar i transportkomitéen, Helge Orten, at det kan finnast nokre alternative utvegar for å sikre Fosnavåg hamn realisering før ansvaret går over på fylkeskommunale hender i 2020.

Stig Arne Sævik er ikkje imponert over signala, og han er tilliks med ordførar Arnulf Goksøyr redd prosjektet kan måtte reise ut på ny ørkenvandring om det ikkje skjer noko snart.

– Hamneprosjektet er svært viktig. Utdjupinga og miljøoppryddinga er i seg sjølv naudsynt. Frå fiskarlagshald er det også på høg tid at innseglinga og hamna blir brukande for alle fartøy. I dag er det enkelte båtar som vegrar seg for å gå inn på hamna med mindre det er full flo. Det er viktig både for båtane og bedriftene at hamna er tilgjengeleg heile døgnet. Om nokre år kan båtane ha vakse i frå Fosnavåg hamn, seier leiaren i fiskarlaget.

Uvisse kan gi nedbygging

– Vi ser vilje til satsing lokalt. Det er ikkje sikkert Fosnavåg Pelagic ser større moglegheiter i denne hamna viss prosjektet vert skuva ytterlegare fram i tid. Heller ikkje for notbøteriet er det ein god situasjon med den uvissa som no rår, eller andre næringsaktørar som vil satse i Fosnavåg.

Stig Arne Sævik fryktar nedbygging i staden for utvikling viss ikkje den aktive fiskerihamna skal få den nødvendige drahjelpa.

– For mange år sidan var det nærast klappa og klart for realisering av hamneprosjektet, men då gjekk løyvinga brått til eit prosjekt nordpå. Så gjekk det mange år til, og no hadde vi stor tru på gjennomføring. Men så ser vi igjen at andre prosjekt, også i hamner med lite aktivitet frå før, vert plasserte framfor Fosnavåg i prioriteringslistene, seier Stig Arne Sævik.

– Det er ikkje ei turist- og besøkshamn vi ønskjer at Fosnavåg hamn skal vere. Men eg er redd det i ytste konsekvens kan bli resultatet om denne treneringa held fram, avsluttar leiaren i Herøy fiskarlag.

Næringskomitéen vitjar Fosnavåg

– Når næringskomitéen kjem på besøk til  Fosnavåg er det naturleg at hamna blir tema.

Slik kommenterer Stig Arne Sævik det faktum at Stortinget sin næringskomité komande veke skal til Sunnmørs på todagarsopphald. Det er Maritimt Forum Nordvest som blir vertskap for komitéen som skal på tur til Sunnmøre måndag og tysdag.

– Hensikta er å gje næringskomitéen eit innblikk i moglegheitene for auka verdiskaping i havnæringane, opplyser leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum.

Næringskomitéen kjem til Runde Miljøsenter måndag kveld. Der vert det vidare oriengeringar tysdag morgon, før turen går til Fosnavåg.

Olympic Ships, Havila, Eros, Remøy Shipping og Tango Seaweed er mellom bedriftene som denne dagen skal orientere om seg sjølve. Dei har òg høve til å kome med direkte signal til styresmaktene.