Bergsøy IL fotball har etter kvart fått tradisjon med å invitere til ein eigen jentedag, der fokuset er på å få fleire jenter med i fotballen. Konseptet går ut på at alle aktive i jentefotballen i Bergsøy tek med seg ein jentevenn som vil spele fotball.

– I år tek alle jentene på Bergsøy jente 10 med seg ei veninne, seier Toni Sandanger, ein av eldsjelene bak jentedagen.

Men det er ikkje berre 10-åringane som blir å sjå på stadion denne dagen, alle jenter som manglar eit fotballtilbod blir oppmoda til å bli med.

– Treninga vil vere fokusert slik at den er for jenter på alle nivå, seier Sandanger.

Toni Sandanger, kanskje mest kjent som trenar for A-lag herre, men også med i trenarteamet på fleire av jentelaga, vil vere ein av trenarane på jentedagen. Han får selskap på feltet av tre-fire trenarar frå jentefotballen i Bergsøy.

Trivsel og samhald viktigast

Sjølve treningsøkta vil vare ein time, og etterpå vil det bli kveldsmat og eit sosialt opplegg for jentene.

– Det viktigaste for oss er å legge til rette for trivsel og godt samhald blant jentene. Då er det større sjanse for at dei som kjem vil bli med som aktive i Bergsøy neste år, seier Sandanger.

Jentedagen har som nemnt vore arrangert fleire gongar, og Sandanger kan gledeleg opplyse at det er fleire jenter som har blitt med kvart år.

I år har Bergsøy sett eit ekstra fokus på tidleg rekruttering, og sendt ut eit skriv til alle barnehagane. På denne måten håpar dei å få med 5-åringane allereie no.

Eit fokusområde

Toni Sandanger seier vidare at Bergsøy, i likskap med dei andre klubbane, har blitt oppfordra til å sette meir fokus på jentefotballen av både kretsen og Norges fotballforbund.

– Det er eit stort fokus på jentefotballen om dagen, og korleis vi kan få med fleire jenter, men også leggje til rette for at dei jentene som allereie er med skal ønske å halde fram, seier Sandanger.

Difor håpar han alle jenter som kan tenke seg å spele fotball blir med på jentedagen onsdag 24. oktober på Havila Stadion. Og forsikrar om at om været skulle vere dårleg, så vil dei trekke inn i Fiskarhallen.