Søndag er det klart for årets TV-aksjon, der inntektene går til Kirkens Bymisjon og deira arbeid for å gi folk eit nytt fellesskap. I den anledning tjuvstarta politikarane og dei tilsette ved rådhuset aksjonen med ein løpetur rundt rådhuset. I 25 minutt sprang dei runde på runde rundt rådhuset. Kvar runde var rekna for å vere 130 meter lang. Det var fleire forbipasserande som stussa på kva kommunefolket no hadde fått for seg, men informert om bodskapen bak turen, gav dei alle tommelen opp til innsatsen.

Ettersom formannskapet skulle ha møte, var løpeturen sett opp ein halvtime før møtestart. Dermed fekk vi også sjå fleire av politikarane i ein litt anna situasjon enn det vi vanlegvis gjer.

«Mindre alene sammen»

Alle som deltok på løpeturen bar oransje t-skjorter med teksta «mindre alene sammen» på. Dette er slagordet for årets tv-aksjon, og seier noko om viktigheita av eit fellesskap. I alt var det i underkant av tretti oransje t-skjorter å sjå.

Tempoet blant deltakarane var variabelt, der dei raskaste nok la ned fleire kilometer, medan andre tok turen i eit meir behageleg tempo.

– Det viktigaste er ikkje å springe fort, men å stille opp for aksjonen, sa ei av damene.

Søndag skal fleire av dei ut på tur på ny, men då tek dei med seg bøssa.

– Vi håpar folk står klare med pengane når bøsseberarane kjem rundt på søndag, sa fleire av dei vi snakka med.

Tysdagens løpetur rundt rådhuset hadde i skrivande stund generert inn i overkant av 5000 kroner, men det er all mogleg grunn til å tru at det beløpet vil stige ytterlegare.