Det var på tide, vil nok dei meine som har undra seg over Statens vegvesen sine stipulerte kostnadsoverslag for tunnelalternativet.

Med ein kostnad på 8-900 mill. kroner, som Statens vegvesen har avfeia tunnelalternativet med, vil ein tunnel mellom Igesund og Kvalsund ha om lag same prislappen som heile Eiksundsambandet kosta då det blei opna for ti år sidan.

Verdianalyse

At tunnelalternativet no skal utgreiast vart ein av konklusjonane då den tverrpolitiske arbeidsgruppa som er nedsett i Herøy nyleg hadde møte med fylkesordføraren, samferdselssjefen og andre fylkeskommunale representantar.

Slik både fylket og kommunen ser det, vil ein verdianalyse vere eit viktig dokument for å kome vidare i saka. Det er semje om at tilrådingane i verdianalysen skal følgjast.

Uavhengig konsulent

Medan det er Statens vegvesen som har stått for utgreiing og planlegging av bruløysinga, skal alternativet med betongtunnel settast bort til ein uavhengig konsulent. Det er semje om at det må etablerast eit kostnadsoverslag for betongtunnelløysing.

Nye undersøkingar

Møre og Romsdal fylkeskommune vil søkje kompetansemiljø i Norge som kan bistå i det vidare arbeidet og gjennomføre nye undersøkingar. Mellom anna skal det gjerast seismiske undersøkingar i dei aktuelle kryssingsområda, og dette arbeidet skal gjennomførast så snart råd er, heiter det i referatet frå møtet i Molde.

Det blei òg drøfta entreprise og konkurranseform, og konkludert med å knyte kontakt mot selskapet Nye Veier As. Fylkeskommunen vil vidare finne ut om det er muleg med ekstern delfinansiering av prosjektet.

I oppsummeringa frå møtet heiter det at utgreiinga av tunnelalternativet skal gjennomførast utan førutinntekne synspunkt. Med andre ord med nye og frie auge.

Bevegeleg bru uaktuelt

Vidare heiter det at kryssing av Vaulen skal skje etter eksisterande trase, og at med ny bru som løysing skal seglingshøgda vere 20 meter. Bevegeleg bru blir ikkje rekna for å vere noko aktuell løysing.

– Overkøyrer kommunestyret!

Bjarne Kvalsvik er «rasande galen» på  Herøy kommune sitt seinaste utspel i  saka om Nerlandsøybrua.

– Det høyrer ikkje heime nokon stad at ei lita, sjølvoppnemnd gruppe reiser til Molde og forhandlar på denne måten. Dette vert som å starte saka heilt på nytt igjen. Vi har halde på i fem-seks år. Det er føreteke grunnboring, arkeologi og teikna inn ny bru. No vil dei utruleg nok sjå på gamletraséen igjen.

Kvalsvik meiner det ville ha vore naturleg at han som lokal medlem i samferdselsutvalet hadde blit kontakta om saka.

– Men nei, her durar dei på utan politisk forankring og legg opp til å bruke mykje av Igesundvegen igjen. Dette er eg veldig skeptisk til, seier Kvalsvik, som krev ein oppvask etter den siste utviklinga i saka.

– Dette er ikkje mindre enn fantastisk uitruleg, seier samferdselspolitikaren frå Nerlandsøya. Foto: Arkiv