Det kom fram då representantar for dei fem kommunane nyleg kom saman for å drøfte brannsamarbeid.

Hareid, Herøy og Vanylven er positive til å få til eit større og forpliktande samarbeid innan brannfeltet. Også Sande er i utgangspunktet positive, men vil ta atterhald om økonomien i prosjektet. Det er særleg dei økonomiske modellane som har vore nytta mellom anna i det interkommunale IKT-samarbeidet Sande er skeptiske til.

Økonomiske utfordringar

Ulstein stiller seg positive og peikar på at prosessen fram mot eit muleg samarbeid vil vere viktig. Arne Runar Vik peika på ein del utfordringar som har vore i samarbeidet med Hareid, og meinte ein burde ha vunne meir erfaring med dette samarbeidet før ein går vidare.

Ifylgje møtereferatet blei det vist til at forholdet til økonomi ikkje var godt nok avklara då samarbeidet mellom Ulstein og Hareid blei etablert. Økonimien må difor ha fokus og vere tilstrekkeleg utgreidd med tanke på eit vidare og utvida samarbeid med dei andre kommunane.

Vik understreka at det bør ligge føre budsjett for første driftsår når avtale skal signerast, og budsjettet må vere realistisk og konkret. Med omsyn til modell må både vertskommune og IKS utgreiast.

Tidlegast i 2020

Konklusjonen på møtet var at eit samarbeid fyrst kan ta til frå 2020, og at ein får avklara om også Ørsta og Volda vil vere med.