Kommunen vil difor no få utbetalt skjønsmidlar som Fylkesmannen tidlegare har halde tilbake.

Tilbakebetaling av skjønsmidlar blir gjort på vilkår av at kommunane held balansen i budsjettet og dekkjer tidlegare underskot etter den forpliktande planen. Fylkesmannen konkluderer med at Sande har oppfylt krava og får tilbakebetalt ein halv million kroner.

Det same får Ålesund, Stranda og Giske som også oppfyller krava.

Utbetalingane skjer i samband med at Fylkesmannen no har gjort den siste fordelinga av årets skjønsmidlar til kommunane i fylket. I tillegg til den halve millionen får Sande også 50.000 kroner etter ei generell vurdering.

Herøy får etter den same generelle vurderinga 150.000 kroner av ein samla fylkespott på 3,8 millionar kroner.

Av til saman 24 millionar kroner som skal delast ut i denne siste runden går 18 mill. kroner til spesielle saker. Verken Sande eller Herøy har slike saker. Det har derimot Ulstein, som får 300.000 kroner ekstra til kompetanseutvikling i barnehage og skule.