Larsnes/Gursken ønska å følge opp sigrane mot Ørsta og SIF/Hessa med ein ny ein på Valderøya, men eit Valder i storslag skulle få sin sjette strake siger, då dei etter 75 minutt fekk eit straffespark, som Jonathan Mulelid sette sikkert i mål. Dermed sikra Mulelid Valder ein 1–0 siger og tre poeng.

– Ifølgje rapportane eg har fått so var det eit billeg straffespark, utan at vi skal tenke for mykje på det. Elles var det ein jamn kamp som kunne bikka begge vegar, seier LGFK-trenar Anders Vaagen, som sjølv ikkje kunne vere med til Valderøya etter å ha skada seg på trening tidlegare denne veka.

– Ein spesiell sesong

Trass i tapet for Valder er no LGFK sikra spel i 4. divisjon også neste sesong. Dette fordi Hareid tapte for AaFK 2. Vaagen summerer opp sesongen som litt merkeleg.

– Det har eigentleg vore ein spesiell sesong for oss. I vår sleit vi med å bikke kampane i vår favør, sjølv om vi so absolutt var på høgde med motstandarane. I haust har vi klart å vinne kampane vi tapte i vår. So det er klart at hadde vi klart å vinne fleire av kampane i vår, kunne vi nok fort ha vore med lenger oppe på tabellen, sjølv om vi skal vere nøgde med det vi har fått til. Vi er jo trass alt ein klubb med mindre ressursar enn dei fleste av konkurrentane, summerer opp Vaagen.

Spesielt ein hending i vårsesongen sette spor i LGFK-leiren.

– Den fryktelege skada som Andreas Rekdal pådrog seg i vårsesongen, har sjølvsagt hatt stor betydning for oss, seier Vaagen.

Vil avslutte med stil

LGFK har no att ein kamp av sesongen. Den er heime mot Emblem komande fredag.

– Forhåpentlegvis får vi tilbake litt folk til den kampen, slik at vi kan avslutte sesongen på ein god måte, seier Vaagen, som sjølv må stå over også den kampen på grunn av skade.

Dårleg nytt for Bergsøy

Hareid sitt tap for AaFK 2 er samtidig dårleg nytt for Bergsøy. Toni Sandanger hadde på førehand plukka ut denne kampen som kampen der AaFK 2 kunne gi frå seg poeng. No må han håpe at FK Sykkylven kan lage trøbbel på Color Line Stadion neste fredag. Samtidig må Bergsøy slå både FK Sykkylven (borte, no fredag) og Valder (heime, neste fredag).